975 53 510 (ikkje SMS) - For større tekst: Klikk CTRL+ post@skjaakhytteservice.no

Snø – men det er visst «som normalt»

Snø – men det er visst «som normalt»

Meteorologisk institutt sin vêrstasjon på Gamle-Grotli står og måler «vêr og vind». Dei siste dagane har den bekrefta kva vi ser og føler: Det har kome mykje snø!
Før i vinter har eg skrivi at det er under «normalt» med snø – men no er vi nok ajour med snødjupna for årstida! Ja – jamvel over gjennomsnitten for dei siste 7 åra.
Men det er svært laust i terrenget, og etter ein del vind har det òg danna seg fonner og skavlar. Enkelte gonger, når ein er ute ein tur, blir spora heilt borte i løpet av nokre få minutt…

Vinterferie og aktivitetstilbod.
Det nærmar seg vinterferie for skulane, og etter det vi har funne ut, fordeler den seg over tre veker i år (veke 7, 8 og 9). Sikkert ein del som vil tilbringe vinterferien på hyttene, og ynskjer både alpinanlegg og skiløyper.
Grotli Høyfjellshotel har lagt ut informasjon om opning av skiheis og kro på heimesida si: Grotli.no.
Skjåk Turløyper har lagt ut folder med informasjon og løypekart: her.
Når det gjeld Heillstuguløypa, som går oppover Strynsfjellvegen, ligg ein del av den i Strynefjellet landskapsvernområde, Breheimen nasjonalpark (frå bommen ved Heillstuguvatnet og vidare innover). Der får Skjåk Turløyper lov til å køyre opp løype til Mårådalsmunningen/Vassvenda i tida 15. februar t.o.m. 2. påskedag.
Sjølvsagt er alpinanlegg og løypekøyring vêravhengig, her på høgfjellet! Alternativet for å finne oppkøyrde skiløyper kan da vera områda Nysetra/Billingen/Botn, med samanhengande løypenett.

Leigekøyring med snøscooter.
Skjåk Hytteservice har vore ein av partane som har hatt løyve for leigekøyring med snøscooter i Skjåk dei siste åra. Eit slik løyve gjeld for ei treårs-periode. No i januar vart søknaden om å få ei ny periode behandla i Skjåk kommune. Denne gongen var det fleire som søkte som ikkje hadde hatt løyve før, men Skjåk kommune gjekk for at dei som hadde hatt siste periode fekk fornya løyve. Det vil si at Skjåk Hytteservise har tre løyve – som før.
Dette ser vi som svært viktig, for at vi framleis kan halde fram med hytteservice, sjølv om bruken av transport i hytteområdet ser ut til å gå litt ned. Men dette skuldast kanskje ein del dei andre tenestene som hytteservicen utfører – dermed blir vegtraseane godt trakka, og det blir lettare å frakte med seg varene sine i sekk eller pulk.
Det er ikkje kvar veke/helg det er transportoppdrag i hytteområdet, derfor gjeld det som før: Skal du ha transport så gje helst beskjed (seinast) dagen før! No som det er så mykje laussnø, kan det vera problem å ta seg fram med snøscooter med kjelke òg. Derfor må det som oftast køyrast ein gong eller to, før ein kan ta med kjelken med varer på. Det er heller ingen garanti for at vi er her oppe, men han kan ofte planlegge sine gjeremål, t.d. etter oppdrag som han veit om her oppe. Kvar veke blir det fleire turar ned i bygda, noko som, stort sett, blir lagt til kveld og helg. Dei fleste har vel òg fått med seg at vi ikkje er tilhengere av sms-meldingar. Ein del har vel òg erfart at svartida og ventetida kan bli lang, utan at eg her skal rippe opp i kjedelege hendingar – både for den som har sendt og han som skulle motta sms’n…!

hytte i snøver

Ei ny helg står for døra – ein del har kanskje tenkt å tilbringe den på hytta.
Ver førebudd på at «vår herre» kanskje har latt vinden jobbe med snøen kring hytta di. Ikkje alle er så heldige at den blir fløtt FRÅ inngangsdøra…
Nokon meinte ein gong at vinden må vera hokjønn – fordi den elskar å flytte på og ommøblere!

Uansett – ha ei fin helg!

* * * * * * * * * * * * * * *

Pin It on Pinterest

Share This

Del dette

Del innlegget med venene dine: