975 53 510 (ikkje SMS) - For større tekst: Klikk CTRL+ post@skjaakhytteservice.no

Slik er det berre…!

Slik er det berre…!

Enkelte gonger kan ein lure: Kvar er alle dei som ynskjer seg masse snø, skiløyper, skiturar med flott skiføre og sol? Ofte høyrer ein desse ynskja frå tidleg om hausten og utover vinteren.
Kvar er desse no, når det er dei finaste forhalda på fjellet?
Framleis mykje snø, snømålet her i hyttegrenda viste ca 110 cm i dag.
Også dei siste helgene har det vore nykøyrde skiløyper i heile Grotli-området.
Grotli Skiheiser har ope. Det same har Fjellkroa på hotellet.
I terrenget er det flott skiføre.
Og sola har gjesta oss titt og ofte – sjølv om vi òg har fått litt nysnø inn i mellom…
Grotli Skridulaupen ski sol

Det er slik denne årstida er, her på fjellet! Det kan ingen gjera noko med… Vårskigåing har langt attende vore eit av «varemerka» for området, noko eg reknar med var med i vurderingane når folk fekk seg hytte her på fjellet.

Men det er framleis moglegheit, med nok av snø…
Når ein ser på bileter og snødjupn dei siste åra, ser ein at vi har bra med snø i år.

30. april, åra 2008, 2009 og 2010:
30. april 2008-2010
30. april, åra 2011, 2012 og 2013: 30. april 2011-2013

30. april, åra 2014, 2015 og 2016: 30. april 2014-2016
Snødjupn 30. april, målt på Grotli målestasjon (Gamle-Grotli)
År 2008 – ingen måling, men bilete syner at vi hadde meire enn dei fleste åra.
År 2009 – 60 cm
År 2010 – 63 cm
År 2011 –  unøyaktig måling, men ca 70 cm etter mine notat.
År 2012 – 102 cm
År 2013 – 64 cm
År 2014 – 81 cm
År 2015 – 99 cm
År 2016 – 88 cm
– Og som vi veit, når ein kjem opp til hyttefelta er det 20-30 cm meir.
Her i Grotli Hyttegrend vil det bli fint å gå på ski også etter hyttevegane framover, da det er bestemt at vegane ikkje skal myldast før etter pinse i år, for at hyttefolket skal få nytte seg av skiføret også den helga.
På Statens vegvesen sine nettsider ser eg at Strynsfjellvegen (Fv 258) er venta opna den 15. juni.
Vi har nok snø og vinter i lang tid framover, også i år… Slik er det berre…!

«Vårens vakraste eventyr» er snart igang…
villrein
«1. mai – 1. kalv» har det vore sagt.
Det stemmer vel ikkje heilt, men kalvinga nærmar seg. Derfor er det svært viktig at reinen får ro!
Siterar frå SNO sitt skriv:
«Dersom du oppdager villrein:
Trekk deg rolig tilbake den veien du kom fra.
Forsøk om mulig å unngå at dyra «får vær» av deg.
Prøv å unngå å bevege deg i siluett.
Ta gjerne med hunden på tur, men husk og hold den i bånd.»
Bilete er teke frå hyttetrappa vår – og kvifor uroe reinen, når ein kan sjå og nyte synet på god avstand!

Ha ei fortsatt
FIN HELG !!

* * * * * * * * * * * * * * * *

Pin It on Pinterest

Share This

Del dette

Del innlegget med venene dine: