975 53 510 (ikkje SMS) - For større tekst: Klikk CTRL+ post@skjaakhytteservice.no

«Skomaker – bli ved din lest»

«Skomaker – bli ved din lest»

Å ta opp konkurransen med yr.no når det gjeld vêrmelding – det innser eg kan bli feil!
I blogginnlegget i går tippa eg at det meste av nedbøren som var varsla ville koma som snø.
Feil!
Derimot syner den digitale regnmålaren min at det har kome 24,6 mm regn – noko som stemmer bra med yr.no sine meldingar.
Vegmeldingane skreiv i gårkveld om stiv kuling på rv 15. Her i hyttegrenda var vindstyrken opp i liten kuling. Temperaturen låg på ca pluss 2°.
Slik er det i dag òg, ca 1-2° under yr.no sine prognoser.
I skrivande stund har vinden auka på, litt regn – men frå 20-tida i kveld melder yr.no om minusgrader, og nedbør som går over til snø.
meteogram 27.11 1450
Den som må ut på vegen – køyr forsiktig!

Dette mildvêret, med regn, gjer at snøen vi hadde søkk saman. Snømålet ved innkøyringa til H2 synte snødjupn på ca 15-16 cm ved 10-tida i dag, og sørpete etter vegane…
snø 27.11.15

Yr.no får nok ta seg av vêrmeldingane, – både eg og skomakeren får halde oss til det vi kan!

Som vi ser av toppbiletet har det vorte overvatn på Grøntjønn.
– Kanskje vi kan ta fram skøytene, i staden for ski…?

Uansett – ha ei fin helg – og 1. sundag i advent!
adventlys1

* * * * * * * * * *

Pin It on Pinterest

Share This

Del dette

Del innlegget med venene dine: