975 53 510 (ikkje SMS) - For større tekst: Klikk CTRL+ post@skjaakhytteservice.no

Siste dag i året 2015…

Siste dag i året 2015…

Kvart år er det litt vemodig og rart, å sitte på årets siste dag og tenke…
Ein tenkjer attende på året som har gått – og mange tankar om året som skal koma…

Dei siste dagane har vi mellom anna, nok ein gong, fått merke at vêret spelar ei stor rolle, også her i fjellheimen. Noko også media har vore opptekne av, i det siste. Fleire dagar før jula kom, studerte vi vêrmeldingar som varsla snø, vind og uvêr allereie frå veslejuleftan. Noko som mellom anna dei som vart sittande vêrfast på Danskehytta i fleire døgn fekk merke. Det er godt når slike hendingar får ein lykkeleg slutt!
Julekvelden fekk vi gjennomført som planlagt, saman med famelien vår nede i bygda – der vesle Reodor sjølvsagt var midtpunktet!

Som sagt – vêret har vore noko ruskete i romjula. Men like vel er det mange som har vore ute og nyta frisk luft og skiturar. Mellom anna ei tysk gruppe som ligg på hotellet. Dagleg ser ein både dei, og hyttefolk, ta seg skiturar i området her.

Uvêret toppa seg liksom i går.
Fyrst på dagen, når brøytarane kom innatt etter ei brøyterunde, hadde vinden blåse inn glasrutene oppe på veggen på brøytestasjonen i Breidalen.
brøytestasjonen BreidalenI ca 40 år har dei stått imot vêr og vind – men i går måtte dei gje etter… Hytteservice’n kan brukast til så mangt – i går vart eit av oppdraga å repparere dette.
Lenke: Fjuken.

Vår nyttårsmarkering blir her i fjellheimen i år òg. Den vil nok gå føre seg stille og roleg!
I år trur eg det er 20 eller 21 år sidan fyrste gongen vi feira nyttårskvelden på hytta. Av desse åra trur eg det er berre 1 eller 2 år det ikkje har vore nokon av oss her.
Det er tiveleg å sjå at fleire og fleire får sansen for nyttårskveld på hytta! Ein del gjer det for å få ei ”annleis” nyttårsmarkering, og for å koma bort frå fyrverkeri og ”bråk”. Det er visst ein del som trur at det er berre på grunn av dyra (hundane) at ein del av oss vel å markere kvelden utan fyrverkeri. Vi var her mange nyttårskveldar før vi fekk oss hund. Det er faktisk ein del menneskjer òg som har det vondt på nyttårskvelden, grunna fyrverkeri. Lyden av, mellom anna, fyrverkeri kan vera heilt forferdeleg for dei som har ymse hørselskader, noko dei kan få merke i dagar og netter i lang tid, ja opp til månader etterpå. Det er synn at det ikkje finnes fyrverkeri-frie områder!
Hyttene og hytteområda burde vera ein slik stad, dit vi vanlegvis reiser for å slappe av og ”lade” batteria.
Mellom anna bør ein tenkje på brannfaren, –  noko som var den viktigaste orsaka til at styret i Grotli Hytteforeining oppmoda til å la vera å bruke rakettar/fyrverkeri i området. Det var ikkje alltid like triveleg å gå og legge seg, når ein hadde sett rakettar, heilt ute av kontroll, ”svirre” rundt folketomme hytter. Ein visste ikkje om dei landa på/under terasser, på torvtak der snøen var avblåse, sat fast under takskjegget – eller kvar dei hadde teke vegen! Det vart fleire turar oppatt om natta, for å sjå om alt var OK, så langt ein kunne sjå. Eg veit at det var kontakt med brannsjefen, før styret tok si beslutning. Ein kunne ikkje forby bruk av rakettar/fyrverkeri, men brannsjefen støtta styret i å koma med ei oppmoding til hyttefolket. Dette var i 2004, og bør ikkje vera noko nytt for hytteeigarane. På eit hyttemøte i 2009, der brannsjefen òg var til stades, vart det på nytt oppmoda om å avstå frå bruk av fyrverkeri, denne gongen også med støtte frå brannsjefen.
Så tenk på det, dykk som tykkjer dette er ei ”sær” oppmodning frå hytteforeininga – det er ikkje av omsyn til 3-4 hundar (som nokon hevda), men mellom anna av omsyn til hytter som står tomme på nyttårskvelden!

Vi i Skjåk Hytteservice vil ynskje alle saman ein fin nyttårskveld… 
Godt Nytt År
…og eit GODT NYTT ÅR !!!


* * * * * * * * * * * * 

Pin It on Pinterest

Share This

Del dette

Del innlegget med venene dine: