__________________________________ |
|

|
....PÅSKE 2013....
Treng du transport av "påske-bagasjen" til hytta? Frå og med fredag 22. mars er vi i "full beredskap" på Grotli.
For varetransport Grotli: Gje beskjed ca 10-15 min. før beregna ankomst.
For varetransport Breidablikk, Nysætra/Billingen: Gje beskjed 1-2 timar før beregna ankomst (vi treng tid for opplessing av snøscooter og køyring).

Andre transportoppdrag, t.d. transport av ved, båtar, materialar o.l. tek vi utanom vanleg proviant-transport, i rolege perioder. Velkomen til fjells - vi skal gjera vårt beste om du treng hjelp!
Om du skal ha tak i Skjåk Hytteservice: Ring: 975 53 510 - ikkje sms !!!
Bestilling av matvarer  Matvarer, for levering Grotli, kan bestillast hjå Matkroken, Bismo (tidlegare ica) Dei køyrer til Grotli: Laurdag 23. mars og onsdag 27. mars For bestilling: Telefaks: 61 21 45 85 E-post: grete.x.ulen@matkroken.ica.no event. telefon: 61 21 43 82 Hugs å oppgje kva dag du skal ha vare, og om Skjåk Hytteservice skal køyre vara til hytta - eller hente sjølv på P-plassen Dei ber om at varene blir bestillt i så god tid som mogleg! NB: Det vil òg bli vareutkøyring måndag 25. mars !!!
Matkroken kan òg levere varer t.d. i Breidablikk og på Nysetra, dei dagane det er utkøyring !!!
Treng du ved...? Vi har tørr bjørkeved (i 60-liter sekker) på lager, kr 100,- pr. sekk. Min. 5 sekker = fritt levert på hytta (gjeld Grotli-området. Andre etter avtale). 
Vil du ha rydda bort snø ved hytta før påske?
Vi utfører snørydding... med maskin, fres,  og spade...
NB: Vedr. parkering...
På grunn av planlegging, og andre oppdrag: Gje beskjed i god tid!!
| Om det er finver når du kjem, KAN det bli snø - og behov for brøyting - i løpet av påska!  Tenk òg på at traktor, brøytebil - og andre større bilar - skal ha plass til å koma fram og snu, også på raude dagar!!!
 I løpet av påska må søppelconteinarane tømmes, eller komprimeres. Dette kan òg skje på "raude" dagar (da det er Skjåk Hytteservice som gjer det)!! DERFOR: Ikkje parker ved sida av, eller mellom, søppelconteinarane!!!
* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *
Lom og Skjåk Brannvesen ber oss tenkje branntryggleik på hytta i påska !!!
Sjå info.skriv her...
* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *
Grotli skiheis i påska   Informasjon finn du her...

Vi ynskjer alle ei God Påske!!!
Hundeeigarar, HUGS: - Fjern hundemøkka frå skiløypetrasear OG vegtrasear !!! - Utvida bandtvang, m.a. i: Breheimen nasjonalpark, Strynefjellet landskapsvernområde Merka og preparerte skiløyper
For hundeeigarar har vi for salg: Hjelpemiddel for fjerning av hundemøkk frå skiløype-traseane...

Ingen likar vel å trakke i hundemøkk!
Denne kan enkelt festes på skistaven !

 |
Skilting MÅ respekteres ! ! ! !
- gjeld ikkje berre Grotliområdet -
|
Skjåk Hytteservice vil frå og med fredag før palmesundag (og ut påska) vera i beredskap med 2 - 3 snøscooterar i Grotli-området. Det er da tidsnok å gje beskjed 10 - 15 min. før du er framme, så køyrer vi fortløpende, eller så snart vi kan; om det er kø! Reknar du med å koma "ekstra seint", t.d. etter kl 21; ta gjerne kontakt tidlegar på kvelden, slik at vi veit om dykk.
I andre delar av området (t.d. Breidablikk og Nysetra) må det beregnes "utrykkingstid" (opplasting av scooter og køyring), så gje beskjed ca 1-2 timar før beregna ankomst.
| |