975 53 510 (ikkje SMS) - For større tekst: Klikk CTRL+ post@skjaakhytteservice.no

På denne tida av året…

På denne tida av året…

Tenk – at ein kan ta seg sykkeltur innover fjellet – på denne tida av året!

Andre år har det vorte informert om oppkøyrde skiløyper, på denne tida. Men det meste av snøen som kom sist helg, smelta og forsvann…

Her er Dora og eg på veg oppover Strynsfjellvegen sist tysdag…
sykkeltur 27.10.15 a

Innover Strynefjellet landskapsvernområde, i Breheimen nasjonalpark…
sykkeltur 27.10.15 b

Som ein ser på toppbilete, er det jamvel att haustfarga lyng.
Innover langs Heillstuguvatnet var det ikkje att mykje snø, etter helgas snøkast.
sykkeltur 27.10.15 c
Men midt imot lyser Raudeggi – framleis med nysnøen på.

Ein flott tur! Fint vêr, med sol, mildt og (nesten) vindstille. Strynsfjellvegen er vinterstengt. Vi hadde både vegen og heile fjellheimen for oss sjølve!

”Vinterlego”
Dette fine seinhaust-vêret må gjerne fortsette ei tid framover! Det vil nok vi sette pris på!
I går kom snikkarane, og starta på husbygginga.
husbygging 28.10.15

Det er fleire år sidan vi fekk teikningane godkjent, og byggetillatelse. Men det som fyrst vart prioritert var renovering og påbygg av garasjen. No står huset for tur. I planlegginga vår har vi kalla det ”Vinterlego” – der vi ynskjer å bu om vinteren. Kort veg til hytta blir det òg…
Vi er nok litt som ”kjerringa mot strømmen”! Andre fløt frå utkantane mot sentrum, medan vi gjer det motsatte, vi planlegg å fløtte til fjells på våre eldre dagar…

Når eg var innom på Vinterlego i dag, kunne ein sjå at huset tek til å reise seg…
husbygging 29.10.15Spennande tid framover! Men det blir nok ikkje vinterlego for oss, denne vinteren…

Det var litt underleg å finne dette gamle bilete i vinter…
grotli 1969Dette bilete tok Tor i 1969, ein av dei somrane han jobba på Grotli Hotel. Den gongen drøymde han nok ikkje om at han omtrent 40 år seinare skulle kjøpe tomta og husa i bakgrunnen!

I heile dag har vi hatt tåke langt nedover fjellsidene, temperaturen har vore på minus-sida… Yr.no melder om overskya i helga – men oppklarning etter helga.
Som sagt – vi ser gjerne at snø og vind blir mangelvare i lang tid framover!

Ynskjer alle ei fin helg!

* * * * * * * *

Pin It on Pinterest

Share This

Del dette

Del innlegget med venene dine: