975 53 510 (ikkje SMS) - For større tekst: Klikk CTRL+ post@skjaakhytteservice.no

Nytt år – og nye moglegheiter!

Nytt år – og nye moglegheiter!

Aller fyrst: Godt Nyttår til alle saman!

Det nye året er snart ei veke gamalt – det ser ut til at tida vil gå like fort i år som før om åra…

Januar-minnet frå i fjor innleia kalenderen vår for 2016, det same får det gjera her i bloggen. Føles ikkje at det er eit heilt år sidan det vart teke.

Ein del hyttefolk har allereie fått ”helsing” frå hytteservicen, med tilbod om å fornye tilsynsavtale på hyttene for år 2016. Mellom anna er det ein del som ynskjer at vi har eit auga med hyttene når det har vore straumbrot, noko som vart aktuellt etter sist helg. Sist sundag måtte Skjåk energi koble ut straumen for feilretting. Nokre var iferd med å reise att frå hyttene etter helgeopphaldet når dette skjedde, og venta til straumen kom att før dei reiste, for å forvisse seg om at alt var OK etterpå.

Dei siste dagane har vi fått merke litt av vinterkulden, men etter meldingane skal det bli kaldare til helga, i tillegg skal det bli ein del vind. Og som vi har merka før om åra, den ”kaldaste staden” er på vinterparkeringsplassen. Tor har sett opp graderstokk ved Kjossvingen i år òg – i går når eg reiste frå hytta var det -17°, ved Kjossvingen var det litt i underkant av -20°. Frå hytter som ligg høgre oppe i hyttefeltet, har eg høyrt prat om temperaturforskjell på opp til 14°. Som hytteforeininga skreiv i referatet frå haustmøtet: i vinter blir det ikkje montert straumuttak for motorvarmer på parkeringsplassen.
Men snø har vi ikkje fått noko meire av. Målingane på Grotli målestasjon har halde seg jamt på 41-42 cm i fleire dagar. Ein spør seg sjølv om dette er det ”normale” for denne tida? Dette har vi ingen nøyaktige målingar for langt attende i tid, og ”manns minne” stemmer ikkje alltid heller.
Dei fyrste målingane som er til å stole på, er frå meteorologisk institutt sine målingar, som starta hausten 2008.
Slik er historikken for 5. januar dei siste åra:
vêr 5. januarSom ein ser er det lite snø i år, men det kan nok koma til å endre seg før det lir så langt at vi ynskjer den bort – til våren.
Kanskje blir det som det var vinteren 2009/2010; i staden for oppdrag med å måke snø bort frå hyttene, fekk hytteservic’n oppdrag med å måke snø inntil hyttene, for bedre isolasjon. Den vinteren var det òg ekstra kaldt, med langvarige kuldeperioder.

Elles er det stille i området her. Lite hyttefolk, og den tyske gruppa som låg på hotellet frå før jul, som hadde sine daglege skiturar i området, dei reiste att måndag. Men i februar kjem det ei ny gruppe.
I helgene, og kanskje litt elles òg, håpar vi at hyttefolket brukar hyttene og området rundt oss.
Snikkarane har ikkje starta for fullt att etter nyttår, med hyttebygging. Tor har hatt litt hytteservice-oppdrag, elles har han nok å gjera på «Vinterlego»-huset vårt. Når det gjeld Vinterlego, blir dette eit spanande år!
Eg og Dora har våre daglege lufteturar – i dag gjekk turen nedover Skridulaupråket, der vi mellom anna måtte stoppe opp for å sjå på hengebrua over Måråe…
hengebru Måråe 06.01.16

…og sånn går no dagan’.   

* * * * * * * * * * * * * * * * * *

Pin It on Pinterest

Share This

Del dette

Del innlegget med venene dine: