975 53 510 (ikkje SMS) - For større tekst: Klikk CTRL+ post@skjaakhytteservice.no

Ny vinter…?

Ny vinter…?

Kalenderen viser at det er den 23. april.
April kan vera vekslande og lunefull! Frå den varmaste og finaste dagen, hittil i år – til vind og snø som kjem på tvers! snøver 22.04.15 006

Statens vegvesen melder om liten kuling, og når det i tillegg er tette snøbyger…
Nordvesten lagar nesten julestemning (?) – no i april…
snøver 22.04.15 009
Vell – det er nok å overdrive! Vil heller sjå at snøen smeltar no!  Men slik var det i gårefta, slik var det i natt og slik er det i dag.

Får trøste seg med at: det går nok over att! Vi har framleis trua på våren!
Yr.no melder om nedbør, men mindre vind og kanskje gløtt av sol frå i morgon.

Vi lever i håpet – og drøymer om sommaren!
drøymer om sommar med kjell e midthun

… Men fyrst vil vi ha skikkeleg vår!

* * * * * *

Pin It on Pinterest

Share This

Del dette

Del innlegget med venene dine: