975 53 510 (ikkje SMS) - For større tekst: Klikk CTRL+ post@skjaakhytteservice.no

Mot ny langhelg…

Mot ny langhelg…

Mai – månaden der den eine heilagdagen avløyser den andre…
Og moglegheit for langhelger, som mange vel å tilbringe på hytta. I år er det nok av snø, for dei som ynskjer vårskigåing.

Spørsmåla ”Korleis er det med snøen no?” ”Korleis er det å koma seg til hytta?” brukar å dukke opp denne tida, – og har allereie kome.
Som før nemnt, det ser ut til å vera meir enn ”normalt” med snø, for denne årstida. Snødjupna på Gamle-Grotli var 62 cm i går. Her i Grotli Hyttegrend viste snømålet 84 cm. Men ein del blir visst  like overraska kvart år, over at det er snø her denne tida…

Nokre bileter frå hytteområda, teke i går, 18. mai.
Breidablikk, austover Gamle Geirangerveg:
breidablikk 18.05.15 029
Vestover Gamle Geirangerveg:
breidablikk 18.05.15 031

Grotli Fritidsboligområde, stort sett køyrbare hyttevegar:
grotli fritidsboligområde 18.05.15 004

grotli fritidsboligområde 18.05.15 015

Grotli Hyttegrend, hyttevegane er mylda. Etter Strynsfjellvegen ligg det framleis mykje snø (og fint skiføre):
strynsfjellvegen 18.05.15 201

strynsfjellvegen 18.05.15 037

Fyrstkomande helg er det òg ein del aktivitet i Skjåk.
”Ståk i Skjåk” marknadsdagen som har vorte ein tradisjon kvart år. I år blir det laurdag den 23. mai.

Motbakkeløpet ”Flækøyhøe UPP” blir arrangert også i år, laurdag den 23. mai.

Men ikkje nok med det…
I Lom er «Lagottospesialen 2015»
Eg og Dora «ladar opp» til utstilling sundag. 🙂

Ha ei fortsatt fin veke – og ei fin pinsehelg!

* * * * * *

Pin It on Pinterest

Share This

Del dette

Del innlegget med venene dine: