975 53 510 (ikkje SMS) - For større tekst: Klikk CTRL+ post@skjaakhytteservice.no

Mai – du skjønne milde…(?)

Mai – du skjønne milde…(?)

Hittil denne månaden har temperaturen variert frå -13,7°, til ca pluss 12°.
Dei siste nettene med rundt 0°, gjer at snødjupna minkar, og enkelte stader har snøen blitt litt rotten.

I går var Tor ein tur innover fjellet, til Vuludalen. Framleis fast og fint føre, men ca 5 cm blaut snø det øverste laget.
vuludalen skjåk 06.05.15 017

Etter transporten til Vuludalen, var det mylding av hyttevegane i Grotli Hyttegrend som stod på programmet.mylding 06.05.15 047
Det har liksom blitt ein ”tradisjon” det òg. Fyrste året det var organisert mylding var våren 1999. Det hjelp godt! No blir hyttevegane raskare bare og tørre. Som oftast (omtrent) køyrbare når Strynsfjellvegen blir brøyta og opna for trafikk etter vinterstenging.mylding 06.05.15 063


I morgon
er det den 8. mai…
Skjåk kommune har oppmoda om flagging på alle flaggstenger i Skjåk, for å markere 70 år sidan frigjeringa. Da reknar eg med at det gjeld både «hus og hytter»!
Eg føler at det forpliktar å ha ei flaggstang. Derfor tok vi ned flaggstanga heime, når vi vart meire på hytta enn der. Det vart for mykje styr, når ein t.d. den 17. mai måtte få nokon til å heise og ta ned att flagget.
I reguleringsbestemmelsane i Skjåk, for hytter/fritidshus, heiter det at det ikkje er lov med flaggstenger – ”..vil ikkje verta godkjent.” står det. Eg spurte ein gong, om eg kunne sende ein skriftleg søknad om dispensasjon. Fekk til svar at det kunne eg spare meg, ingen hadde fått dispensasjon, og eg kom heller ikkje til å få!
Kanskje like greit – så slepp ein den ”forpliktelsen” det er å ha flaggstang.
Men i morgon skal eg skifte ut balkongvimpelen til balkongflagg!
Ha ein fin dag!

god helg motiv serviett

* * * * * *

 

Pin It on Pinterest

Share This

Del dette

Del innlegget med venene dine: