975 53 510 (ikkje SMS) - For større tekst: Klikk CTRL+ post@skjaakhytteservice.no

Kva kan vi vente oss no?

Kva kan vi vente oss no?

Snøen som kom for vel ei veke sidan, fekk vera i fred i trea i mange dagar. Det er litt uvant her oppe – som oftast brukar vinden å ta den ganske raskt, frå dei tynne bjørkekvistane…

Sola er i ferd med å gje opp kampen med å koma seg over Skridulaupen – for i år…

I fleire dagar har vi – og sikkert fleire med oss – studert vêrmeldingane grundig!
Ikkje nok med at det har vore ”trugande skyer”, men i tillegg nedbør og vind!
Eg brukar ofte å studere meldingane for Breidalsdammen, som ligg midt i dalen. Er det dårleg vêr der, brukar vi å få merke det i hyttefelta òg, sjølv om det er lunare her.
meteogram 26.11 1312

Ein del skal òg krysse dalen to gonger, både ”Fyllinga”, som vi brukar å kalle det på austsida av Oppljostunnelen, og Breidalsdammen – for å koma til vinterparkeringsplassen og hytta.
Som vi har erfart brukar det å bli litt kaldare enn kva yr.no melder. Det er vel fare for at det meste av nedbøren kjem som snø, i tillegg ser det ut til å bli ein del vind.

Eg tok mine forhandsreglar i dag – parkerte bilen på vinterparkeringsplassen. Reknar med at no blir det slutt på å koma seg til hytta med bil – for i år.
vinterp-plassen 26.11.15Når eg parkerte ved 12-tida, var det grått og lette snøbyger, særleg  mot vest.

Nytta òg høvet til å ta ein tur med kaffe til snikkarane. Og der går det framover!
vinterlego mot sør 26.11.15
Spennande!
vinterlego mot nordvest 26.11.15

 

Litt grått var det òg mot aust, og Grotlivatnet, sett frå krysset rv 15 / fv 258.
mot aust grotlivatnet 26.11.15

Desse vêrmeldingane vi ser, er berre det ein må rekne med på høgfjellet vinterstid. Og jammen har vi hatt ein fin haust og førjulsvinter, så langt i år!

 

Ynskjer alle ei fin helg – trass heller dårlege vêrmeldingar – både ”her og der”!

* * * * * * * * * * * * * *

Pin It on Pinterest

Share This

Del dette

Del innlegget med venene dine: