975 53 510 (ikkje SMS) - For større tekst: Klikk CTRL+ post@skjaakhytteservice.no

Juli kom med sumaren!

Juli kom med sumaren!

Dei fyrste dagane med sol og varme – som fekk fart på snøsmeltinga! Og nok av snø var det å ta av i fjellet, etter denne kjølege våren.
Når ein ser på data frå Meteorologisk institutt sin målestasjon på ”Gamle-Grotli” (Grotli Fjellstue), som har vore i drift sidan hausten 2008, stemmer det vi har følt – det har vore ein kjøleg vår!middeltemp -Den kjølegaste våren dei siste 7 åra! Det har vel vore sagt at: ”Etter 7 gode år, kjem 7 dårlege år..”. Vi får håpe at dette ikkje er starten på 7 dårlege!

Desse dagane med sol og varme førte til at bekkar og elver gjekk flaumstore. Her er eit bilete frå den øverste hengebrua over Måråe:måråe øvre hengebru 03.07.15

Og den nederste hengebrua over Måråe:måråe nedre hengebru 03.07.15

No dei siste dagane har vi hatt regn, og kjøleg vêr.

Det vart litt sumarblomar ute hjå meg i år òg. Eg ”må ha” litt blomar ved inngangen… Men det blir ”stusslege greier” når ein ikkje får planta før siste dagane i juni, om lag ein månad etter alle andre. Og kva slag blomar kan overleve ei sumarnatt, der temperaturen kan koma under 0°? Men nokre sjanser må ein ta…!sumarblomst

Vi må ha trua på at sumarvarmen kjem att – og at vi får ein lang og fin sumar!

rose sumarhåp

* * * * * *

Pin It on Pinterest

Share This

Del dette

Del innlegget med venene dine: