975 53 510 (ikkje SMS) - For større tekst: Klikk CTRL+ post@skjaakhytteservice.no

Haust- og vinter-førebuing…

Haust- og vinter-førebuing…

Det går nok, ubønnhørleg, mot haust.
Den 24. august hadde vi «Barsok», som etter gamalt vart rekna som fyrste haustdag. Og snart er haustmånaden september her…
Dersom det kjem snø i slutten av september, er ikkje det noko nytt, her på fjellet. Som oftast smeltar den att, men t.d. i 2009 la den seg for vinteren den 28. september…

Hytteservice-tenester…
Skjåk Hytteservice er forhandlar for Jets toalettsystem, og m.a. i år har vi levert fleire anlegg. Til desse anlegga brukar òg Tor å avtale med lokal elektriker og autorisert rørlegger, som ordnar papira som skal inn til kommuna for å få godkjennt og registrert anlegget. Jets-tankar – Arkivfoto

«Handle lokalt» er det noko som heiter.
Svært ofte kan det lønne seg å bruke lokale serviceinnstilte bedrifter, som samarbeider godt. Problem med utstyr kan oppstå, og som Øystein Sunde syng om; det skjer svært ofte «fredag etter 4». Opp gjennom åra har vi hatt svært mange nøgde kundar som kjem på hytta fredag kveld eller laurdag, og oppdagar problem. Dette har dei så fått hjelp med i løpet av stutt tid.

Noko mellom anna dette innlegget i hyttegruppa på facebook syner:

«Kva skulle vi gjort utan han Tor? Då vi i går ettermiddag fekk problem med jetdoen, kontakta vi han Tor, og ein liten time seinare kom han med Svein elektriker og fann etter ei stund ut at det måtte byttast ut ein magnetventil, (eller var det forgassaren), som vart bestilt hos Hagen nede på Bismo, og karane kom igjen i dag tidleg og fekk orden på doen. Vi er berre så takknemlege for den raske hjelpa og for at doen fungerer igjen. Så takk for flott service på ein søndagskveld!!!»
– Og dersom eg ikkje hugsar feil, var det ikkje berre sundagskveld, men palmesundag – og påskegjester på veg…

«Vil du ha nærbutikken din i morgon – så bruk den i dag» er eit slagord som blir brukt.
Dette gjeld nok andre tenester òg, som t.d. hytteservice.
I haust er det 20 år sidan firma Skjåk Hytteservice vart registrert.
Vi har prøvd å yte fleire typer service, for at vi kan vera her. Ynskjer at hyttefolket kan sjå nytte i oss – ikkje berre når nokon kjem til parkeringsplassen i dårleg vêr om vinteren, og finn ut at dei ikkje orkar å gå til hytta i djup laussnø og vind.
Men vi har trua – og håpar vi kan halde fram i nokre år til!
Gledeleg er det at det går så fint framover med Tor etter hofteoperasjonen! No får han lov til å prøve seg i 50% arbeid.

Det er tid for vinterførebuing på fjellet!
Med hausten kjem tida for vinterførebuing. Mellom anna er det mange som treng å tømme hyttedoen.
Vi må hugse at innhaldet frå dei skal ikkje i søppelkonteinarane!!!
For dei som har Jets-anlegg er det pliktig tøming med sugebil. Dette blir automatisk ordna frå kommuna, da alle anlegg skal vera registrert der.
For andre som ynskjer å nytte seg av sugebil for tøming av do, blir det også i år ei runde i regi av Skjåk Hytteservice. Si ifrå snarast til Tor (mob 97553510), dersom du vil vera med! sugebil tøming

Ein del vil kanskje passe på å bera inn vatn, og fylle sisterna, no medan dei har sumarvatn like ved hytta (ja, reguleringsbestemmelsane er som før: det er ikkje lov å bruke provisorisk vasslange, eller legge inn vatn på annan måte – vatnet skal berast inn).
I den forbindelse fekk vi for nokre år sidan spørsmål om vi kunne skaffe Micropur for å tilsette i vassisternene, og selge dette i porsjonspakker.
Micropur

Så vart gjort, og eg forstår godt at folk ynskjer å kjøpe porsjonspakker, i staden for ein heil boks på 500 gr. Som «alt» anna har dette òg ein «best før» -dato. Ja, eg har jamvel sett kattesand med «best før».
Dette er rein service frå oss.
No har vi nyinnkjøpt Micropur på lager att, og det vil bli mogleg å kjøpe 10 gr porsjonspakker!

I dag kom det ny leveranse frå Jets, tank og do-system.
På same levering fekk vi med Jets frostvæske, slik at vi har på lager for salg.
Jets frostvæske

Vi kan òg informere om at;
No er den nye heimesida for Grotli Hyttegrend oppe og går! Lenke: http://grotlihytteforeining.no
Der informerar Grotli hytteforeining m.a. om årsmøte fredag den 23. september, og dugnad i hyttegrenda den 24. september.

Fine dagar…
Dei siste vekene har det vore strålande seinsumarvêr!
Vi var så heldige å få nytte nokre av desse dagane i Hamsedalen. Fyrst var Tor og eg der eit par døgn…
Hamsedalen Ola-Bu 17.08.16– Ola-Bu, ved 2. vatnet i Hamsedalen.

Deretter var Tor og ein kompis der ei helg. Hamsedalen 3.-vatnet 19.08.16 – Her bilete frå 3. vatnet i Hamsedalen.

I dag har vêret endra seg!
Som vêrmeldingane har varsla, fekk vi regnvêr. Mellom ca kl 10 og 15 i dag kom det 25 mm nedbør. Og etter meldingane til yr.no skal vi få meire i løpet av kvelden, natta og morgondagen.

Med dette kveldsljos-bilete frå Hamsedalen, teke ut gjennom vindauga i Ola-Bu…
hamsedalen 20.08.16
…ynskjer vi ei fin helg til alle! 

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * 

Pin It on Pinterest

Share This

Del dette

Del innlegget med venene dine: