975 53 510 (ikkje SMS) - For større tekst: Klikk CTRL+ post@skjaakhytteservice.no

Har det med alderen å gjera?

Har det med alderen å gjera?

Like spennande kvar morgon, å sjå ut på vêret!
I det siste har det ikkje skuffa – blå himmel, stille og mildt.
”Is-vêr” varsla Tor i går. Dora og eg tok ein tur og spanderte is på han og den andre snikkaren.
hyttebygging grotliDet passa bra, med ein kombinasjon for å ta bileter av haustvêret og ”prosjektet” mitt: Finne att gamle stadnamn langs gamlevegane her på fjellet.

”Du får nok interesse du òg – når du blir gamal…”
…sa mor til meg, når ho fortalte frå før i tida, om ting og hendingar som eg ikkje hadde interesse av.
Ikkje da! – Men ho hadde rett! Interessa har kome med åra!
Særleg har eg fått interesse av gamle bileter; kvar, kven og når?
Grotli-området, og namna langs gamlevegane, er òg eit av interesseområda mine.
hamsevika mot hamsedalen 09.09.15
Ingvar Jensen, Skjåk (f. 1916, men er borte no) registrerte ein del gamle vegnamn på 1980-talet. ”…Han og far din var sysjenbån…” ville mor, som var slektinteressert, kommentert til meg her.
Eg har tenkt på denne namneregistreringa i fleire år, og prøvd å få tak i dei. I sumar lukkast eg, fekk skanna dei frå Norddals-arkivet.
Da var det berre å sette i gang! – Det har m.a. ført til nokre turar innover Strynsfjellvegen i sumar!
Ein stor fornøyelse i finvêret, slik som i går…

heillstuguvatnet, strynsfjellvegen, skridulaupen 09.09.15
Eg bør nok passe på å gjera desse turane mine utanom turistsesongen. Det blir mange stopp, med fotografering og notering av kilometer. Mange av namna er namn på snøfonner, dei er det vanskeleg å sjå denne tida på året. Eg må nok fortsette prosjektet mitt til neste år, medan ein framleis ser snøfonner fyrst på sumaren.
Men eg har funne ein del, slik som bekken der det er avmerka ”Gamal vasstokk”, der det var vasstokk for at dei reisande over fjellet enkelt kunne hente vatn både til hestane og seg sjølve. Namn på svingar, som ”Vesteråssvingen”, ”Hånsnarsvingen”, ”Rundtomkring” med fleire. Steinar som hadde namn, murar etter brakker og smier – nokre av desse er merka ved vegen, men ikkje alle. Og enno har eg att nokre kilometer å registrere, innover fjellet…
Til vinteren er det ikkje sikkert at hytteservic’n skriv at det er køyrt skiløype til bommen ved Heillstuguvatnet, men at det er køyrt skiløype opp på ”Bikken”.
Namna som er registrert er frå den tida Strynsfjellvegen vart bygt, frå 1890 og til den vart offesielt opna 1895. Ein ser at nokre namn har kome til etter den tid, og som vi til dagleg brukar no. Slik som Kjossvingen, Kjostjønna, Saltplassen med fleire. Kjos-namnet kom nok etter at Dr. Kjos, som den einaste, fekk seg hytte i området i 1929.

heillstuguosen 09.09.15

Når eg parkerte ved hytta i går, etter turen innover fjellet, traff eg min pensjonerte hyttenabo. Han har hatt mange arbeidstimar på Strynsfjellvegen, og kjente til mange gamle namn og kva dei kom av. Kanskje eg òg bør ta ein tur innover ein gong, saman med han?!

Jau da – det har nok med alderen å gjera!
Dette hadde eg ikkje interesse av for ein del år sidan. Ikkje sikkert det er så mange andre som har interesse av det heller – enno…? Men dersom eg kjem i mål, er det gledeleg – om ikkje for andre, så i vertfall for meg sjølv!

Ha ei fin hausthelg!
breidalen mot oppljosegga

* * * * * * * *

Pin It on Pinterest

Share This

Del dette

Del innlegget med venene dine: