975 53 510 (ikkje SMS) - For større tekst: Klikk CTRL+ post@skjaakhytteservice.no

Glede i kvardagen…

Glede i kvardagen…

…kan vera å ta av stigen og vasse gjennom fjellkjørr, der ein føler at ein er den fyrste som nokon gong har gått. For så å koma til eit lite tjern – der 4-5 små andungar kjem symjande fram frå sivet! – Som på biletet over…
Fred og idyll!
Eg og Dora gjekk stille vidare, for å ikkje uroe dei…

Ikkje langt unna fann Dora SI glede – ei snøfonn der ho kunne rulle seg i snøen… snøbad 13.08.15
Vi fann òg fleire tjern, der Dora fekk bade, i friskt og klårt fjellvatn…  fjellbad 13.08.15…utan at vi forstyrra nokon.

Dette var på ein av lufteturane våre i går. Ein dag da vi fekk kjenne sumarvarmen att, etter ei natt med minusgrader, der Grotli nok ein gong toppa lista til yr.no, over kaldaste målingane den natta. Med -2,6° på meteorologisk institutt sin målestasjon i Grotli. Det minner oss om at det går, ubønnhørleg, mot haust!

Statistikken bekreftar, dessverre, det vi føler: denne sumaren har vore kjøleg! Her er middeltemperaturen for mai, juni og juli dei siste 7 åra:  ver mai, juni, juli -15
Ein høyrer at isen ligg lenge på vatna inne i fjella i år. Ein ser framleis ein del store snøfonner…
år-15 13.08.15

Sjølv om vi ikkje har hatt same sumarvarmen som i fjor, har det like vel vore mange fine dagar og kveldar. Som for 2-3 kveldar sidan, når eg og Dora tok ein tur vestover Gamle Geirangerveg, Breidalen mot Hamsevika. breidalen 12.08.15

 

Skjåk Hytteservice førebur seg på haust og vinter…
Det er òg i år planlagt ei runde med tøming av hyttedoar, med sugebil. Dersom du har behov for å få dette utført, meld deg på til Tor snarast, og seinast 12. september. Tlf.: 97553510.
tøming hyttedo 2015

Etter vêrmeldingane ser det ut til at vi kan få ei fin helg!
Ynskjer alle ei god helg
– med dette biletet av ein fin, liten harepus som det hender seg vi treffer på!

harepus 28.07.15

* * * * * * * * * * * * 

 

Pin It on Pinterest

Share This

Del dette

Del innlegget med venene dine: