975 53 510 (ikkje SMS) - For større tekst: Klikk CTRL+ post@skjaakhytteservice.no

Framleis vinterstengt, men…

Framleis vinterstengt, men…

I går, den 14. juni, var det svært varierande vêr, her på fjellet! Frå snøbyger og kald vind, til sol. I gårkveld var det tette snøbyger att, med minusgrader. Hyttetaka og bakken vart kvit av nysnøen…

Strynsfjellvegn, fv 258, som var venta opna i dag, 15. juni, vart ikkje opna.
Med snø og vind i gårkveld og i natt, har det lagt seg drevfonner i vegen innover fjellet. Vegen var heller ikkje ferdigtørka eller ferdig reparert.
Teksta på Statens vegvesen ser nesten litt tragikomisk ut, når det står: «Vinterstengt. Gjelder fra 15.06.15 kl. 12:10». Det må vera rekordtidleg vinterstenging! Da var det kanskje like greitt at dei ikkje rakk å opne vegen! Og med snøbyger ute i dag òg, blir heller ikkje overgangen frå den eine vinteren til den andre så stor! …

Men ei gledeleg melding til hyttefolket i Grotli Hyttegrend:
bomopning strynsfjellvegen 15.06.15
SISTE NYTT frå Mesta er at dei i samråd med Statens vegvesen har opna den raude bommen ved parkeringsplassen, slik at hyttefolket kan køyre!
Bommane inn i hyttefelta er i «vanleg» drift – kan opnast med nøkkel, fjernkontroll eller mobiloppringing.
Det vil si at i år vart det berre ein dag seinar enn i 2012, når snøforhalda på det næraste var som no!
Eg meinar at det har vi ingen grunn til å klage over! Det er heller inga avtale om at hyttefolket kan køyre når vegen blir brøyta, noko som ikkje alltid har vore respektert. Det var vel ein grunn til at vegeigar  monterte bom ved parkeringsplassen i 2013?

Forskjellane frå år til år er kanskje noko av det som er sjarmen og spenninga med fjellet (og landet) vårt?! Må nok prøve å sjå det slik, trur eg, og ta med oss dei små gledene….!
strynsfjellvegen 13.06.15
Eg kjende ei glede laurdag, når det var så is- og snø-fritt på vegane her, at eg kunne ta fram joggesko når eg og Dora gjekk luftetur! Det var godt, etter å ha gått i vintersko, skisko og gummistøvlar sidan slutten av oktober!!!

No ser vi fram til at vi får litt sumarvarme!

* * * * * *

Pin It on Pinterest

Share This

Del dette

Del innlegget med venene dine: