975 53 510 (ikkje SMS) - For større tekst: Klikk CTRL+ post@skjaakhytteservice.no

Førjulsrapport frå fjellheimen…

Førjulsrapport frå fjellheimen…

I fleire dagar har eg tenkt på blogginnlegget som burde vore skrivi. Men det har ikkje vorte noko av, ikkje har eg noko nytt å fortelja frå fjellheimen heller. Da blir det berre vêret å skrive om…
Og vêr – det hadde vi mykje av i førre veke. Men det har andre hatt òg…

Starta med uvêr og kolonnekøyring om helga når det var førjulskveld på Grotli hotel. Vêret må nok ta største skulda for at det vart om lag 50 % fråfall. Og når det i utgangspunktet ikkje var den heilt store interessa… Skuffande lita interesse, vil EG påstå!
Men vi som var der hadde ein triveleg kveld! Rikeleg og god mat!
julebord GrotliTusen takk til vertskapet på hotellet! Håpar dei vågar seg til å prøve att neste år!

Litt idyllisk kan det òg bli i uvêret. Som toppbiletet av hotellet, og desse frå hytta vår…
julestemning 10.12.15ajulestemning 10.12.15b
Vergudane har vore rause med «snøsprayen»…

Og med all nedbøren som kom, fekk Tor ”hastemelding” om å tøme nedbørsbytta på Grotli målestasjon…

tb 12.12.15 013 - KopiHer er snødjupna på målestasjonen 73 cm.

Sist helg vart det brukbare forhald, og mange nytta seg av dei oppkøyrde skiløypene i området…skiløype Grotli 12.12.15

Nedover Billingsdalen var trea snøtunge, etter snøvêret dei siste dagane.

Austover Vuluvatnet:
Vuluvatnet 13.12.15

I gårkveld kom kaldvêret, med under -20° i natt. Klårt og kaldt vêr kan gje oss fine naturopplevingar.
Slik var morgonstemninga på ”Vinterlego” i dagtidleg. Austover mot Grotlivatnet.Grotli mot Grotlivatnet 16.12.15

I dag har Tor køyrd omtrent alle hyttevegane i hyttegrenda med snøscooter.
Ein del har varsla at dei kjem på hytta dei næraste dagane – ein del for å feire jul på hytta, nokre har òg varsla at dei kjem og skal feire nyttår på hytta. Enkelte ynskjer å vera på hytta nyttårskvelden for å sleppe støy og ubehag frå nyttårsrakettar/-fyrverkeri.

Må nok ein gong be om at dei som ynskjer snøscootertransport til hyttene gjev beskjed, helst seinast dagen før.
Minnar òg om: Ikkje send SMS, men ring!

Dei som ynskjer oppdatering frå fjellheimen litt oftare, kan gå inn på FB-sida til Skjåk Hytteservice. Der blir litt info. og bileter utlagt fleire gonger i veka. Det er ei offentleg side som alle kan sjå, utan å vera registrert på facebook. Lenke her.

Elles er vel det meste av mine juleførebuingar i rute: som vanleg litt på etterskot. Heilt normalt!
Men sylta og skryllene – dei er «i boks»!

Ynskjer alle ei fortsatt fin adventstid – og god helg!

adventlys3

Pin It on Pinterest

Share This

Del dette

Del innlegget med venene dine: