975 53 510 (ikkje SMS) - For større tekst: Klikk CTRL+ post@skjaakhytteservice.no

Ein sumarkveld i båtnaustet – med «mykjy lys og mykjy varme»…

Ein sumarkveld i båtnaustet – med «mykjy lys og mykjy varme»…

No for tida skal alt vera ei «oppleving» og litt spesiellt.
Den som ikkje har vore på ei tilstellning i Grotli-naustet ved Breidalsvatnet har gått glipp av ei spesiell oppleving, vil eg påstå! Om vinteren husar det båt, men i 2011 starta hotellet med «sumarope» nokre kveldar.
Det vart sitteplassar, enkel matservering og bar. Verkeleg ein stad ein kunne sitte, prate og ha det triveleg i sosialt samver. Det har det òg vore dei siste somrane.

Sist laurdag (27. juni) opna Grotli Høyfjellshotel båtnaustet att, for fyrste gong i år, og med ein stor haug med kvist som skulle brennast like ved, vart det kombinert med forsinka St. Hans-feiring! Og vêrgudane var samarbeidsvillige, og i godt lune, denne kvelden.
Berit er heilt makalaus til å skape trivsel, med mykje ljos og varme! Eg trur ho må ha ein spesiell «tryllestav» ho går rundt med… 01 båtnaust, Breidalsvatnet, Grotli…som ho lagar den gode og lune stemninga med, over allt! Her er båtnaustet ferdigpynta til gjestane kjem.
Vegg i vegg med båtnaustet ligg ei gamme, der det òg er sitteplassar.
NB: Når eg tok dette biletet i gamma, hadde ikkje Berit vore der med «tryllestaven» sin enno.
02 gamme, Breidalsvatnet, GrotliMen i gamma vart det òg «ljos og varme», og reinsskinn og puter til å sitte på.

På uteområdet låg det tepper og puter til å sitte på…
05 b båtnaust, Breidalsvatnet, Grotli…og bålplass og bålpanne.

04 b båtnaust, Breidalsvatnet, Grotli
Folk kosa seg, både ute og inne. Og fiskesuppa fekk mykje velfortjent ros! 03 båtnaust, Breidalsvatnet, Grotli

Når vi gjekk for å tenne bålet, stod sola lågt i vest over Breidalsvatnet – i skaret innover til Hamsedalen…
06 b båtnaust, Breidalsvatnet, Grotli

Over kvite og mektige Skridulaupen i sør kom også månen fram, og vart med på feiringa. 07 b båtnaust, Breidalsvatnet, Grotli
Mot nord har vi Krosshø, der det òg framleis ligg mykje snø. 08 b båtnaust, Breidalsvatnet, Grotli

Det vart ein fin og stemningsfull kveld.
Og den som ville; kunne òg få kjøpt litt ”stemningsskapande” i baren…09 b båtnaust, Breidalsvatnet, Grotli
Når vi rusla heimatt, litt før midnatt, hadde sola gått ned.10 b båtnaust, Breidalsvatnet, GrotliMen kveldshimmelen i vest lova finvêr neste dag – og slik vart det!

Tusen takk til Grotli Høyfjellshotel, ved Berit og Are, som laga denne fine kvelden for oss!
Neste gong får vi håpe at enno fleire veit å sette pris på eit slikt tilbod, og tek seg ein tur! Både hyttefolk og andre…

…..

Dette innlegget skulle eigentleg vore ute før, det tek til å bli nokre dagar sidan St. Hans-feiringa. Men… – For det fyrste var eg litt treg til å forfatte blogginnlegget. – Og for det andre har radiobreibandet vore nede. Dermed vart det som det vart.

Ynskjer dykk alle ei fortsatt fin veke!

* * * * * *

Pin It on Pinterest

Share This

Del dette

Del innlegget med venene dine: