Den gode kjensla av sumar!

Sumaren kjem brått, her på fjellet – når mai er mild og våren blir stutt!
Gledeleg å få ta til med sumarlege sysler – slik som planting av blomar. Har i fleire år drøymt om å få tak i ei gamal trillebår, til å ha ved sida av varden vår. Vardane viser veg for fjellfarande, og mang ei trillebår vart nok utslete under bygginga av vegane på fjellovergangane i området her, for over 100 år sidan.

For nokon er, dessverre, sumarsesongen allereie over.
Stryn Sommarski hadde sin siste opningsdag for denne sesongen i går, 29. juni, mot 19. juli i fjor. Det er nok som mange av oss har merka; tidleg snøsmelting i år. Høyrer folk fortel at slik er det rundt om i fjellet i år.

Hjelp til vegfarande…
I gamledagar var det Fjellstuemann i Grotli. Denne plikta å gje hjelp til vegfarande.
Seinare (frå 1955 til nokre år ut på 2000-talet) vart det òg NAF vegpatrulje, som patruljerte over Strynsfjellet og Geirangerfjellet om sumaren, som hjalp vegfarande som fekk problemer.
I tillegg til patruljer, var det plassert nødtelefonar langs vegen, slike som denne:
NAF nødtelefon

No til dags skjer det òg at vegfarande får problem, som til dømes at dei missreknar seg når det gjeld drivstoff på tanken.
Det har skjedd mange gonger dei siste åra, at Tor må trå til som «fjellstuemann» og yte service til vegfarande. Slik som her om dagen:
service 27.06.16Ein utanlandsk motorsyklist var i ferd med å gå tom for drivstoff…

No som Tor ikkje er heilt arbeidskar (må framleis ta sine forhåndsreglar etter hofteoperasjonen), er dei andre karane med og tek eit tak, for å få utført ein del hytteservice-oppgåver.
Som i førre veke, når dei mest trafikkerte hyttevegane vart salta.
salting 25.06.16Nokre mindre oppgåver tek Tor og eg i lag, for eksempel sjekking av hytter der vi har tilsynsavtale.

Men – som vi har vore inne på før:
Kva gjer vi, når vi oppdagar skade/uregelmessigheit på hytter vi ikkje har tilsynsavtale?
Dei vi har avtale med, betaler for at vi skal sjå etter hyttene deira. Enkelte gonger er det nettopp på grunn av tilsyn av deira hytter, at vi oppdagar andre uregelmessigheiter.
Noko vi mellom anna har opplevd siste vekene:
Innbrot:
innbrudd

Ope vindauga:
ope glas(NB: desse tilfella er det teke hand om)
Er det rett at dei som ikkje har avtale, skal ha same service som dei som har?
«Nei» har vi fått til svar av ein del av våre kundar, som vi har lufta «problemet» for.
Andre kan ha gjensidig avtale med hyttenaboar om å sjå etter hjå kvarandre, og vil ikkje ha «innblanding». Vi har vorte skulda for å overvake, og ein gong vi varsla ein hytteeigar om ope vindauga, fekk vi brev frå vedkomande sin advokat. Det var ingen «takk» å spore i det brevet heller – heller snarare tvert om! «Kanskje vedkomande var på hytta, og hadde ope vindauga for å lufte?» Vell – det er i så fall ein av dei få som luftar heile vinteren! Da var det nok fint å ha forsikring som dekka skader på sundfrossne vassrøyr, kranar, vasstank osv. Og arbeid blir det av det – både på den eine og den andre…
Ja da – folk må få gjera som dei sjølve ynskjer og føler for!
Håpar at det er forståelse for vårt syn på dette – men alle kan be om ei avtale med oss!
Etter ca 20 år, er det ein ting vi har merka som ofte skjer:
Vindauger blir lete att, men ikkje festa på innsida. Så lenge det er stille ser det OK ut, men etter nokre dagar/veker kan det bli vind, og vindauga bles både opp og att.
Berre meint som eit tips: kanskje ta ei runde og sjekke dette, før ein reiser frå hytta.

Sumarvatnet i hyttegrenda…
Det har allereie vore jobba mange timar med å få fram sumarvatnet. Fleire har engasjert seg, men det er svært vanskeleg å få opp trykket i år!
Ein må derfor be ALLE sjekke sine private vassledningar og kranar!!!
Men det kan òg vera lekkasje på det nedgravne hovednettet. Meld frå dersom du ser lekkasjer på hovedledning!

Ynskjer alle ei fin sumartid – og god helg!

sumardraum

* * * * * * * * * * * * * * * * * *