975 53 510 (ikkje SMS) - For større tekst: Klikk CTRL+ post@skjaakhytteservice.no

«Barsok» – fyrste haustdag…?

«Barsok» – fyrste haustdag…?

Det blir til at ein kikkar litt på primstaven, og kva tyding dei la i dei forskjellige dagane, etter gamalt…
I går, 24. august, heitte dagen ”Barsok”. Mange stader rekna dei denne dagen som fyrste haustdag.
Det vart òg teke merke av denne dagen, om korleis vêret skulle bli framover hausten.
– Ved barsok er det utrygt for nattefrost.
– Barsokfrost er verste vêret i året. Er det barsokfrost, blir det mange matlause, sa dei etter gamalt.
– Er det vestavêr på barsok, blir det lang (sein) vår, men austavêr er varsel om tidleg vår.
– Vêret på barsok, skal vara til krossmesse (14/9).
– Det var merke på godt haustvêr, dersom det var klårvêr på barsok.

Vi hadde i vertfall klårt og fint vêr i går – vi får håpe at det stemmer med godt haustvêr!
barsok 24.08.15

I dag er det meire haustleg! Lågt skydekke, og ikkje fritt for anna enn at det ”grin i høom”. Men dette har yr.no varsla – overskya og fare for noko nedbør i dagane som kjem.
Men dette fine vêret vi har hatt dei par siste vekene gjorde godt! Nesten så eg vart litt deprimert når august kom, og vi omtrent ikkje har hatt sumar. Derfor var finvêret ekstra kjærkome!

I og med vi hadde så sein vår, ser det ut til at det meste er ekstra seint her på fjellet i år.
Har m.a. lagt merke til geitramsen langs hyttevegane.
Dette biletet tok eg 23. juli i fjor – geitramsen stod i full blomst:geitrams 23.07.14 Her er bilete eg tok i går, 24. august – dei fyrste blomane har så vitt opna seg:
geitrams 24.08.15Får håpe at det same vil gjelde tida for snøen – at den òg er (minst) ein månad seinar i år! Ynskjer i vertfall at den ikkje kjem så tidleg som i 2009 – når den la seg for vinteren den 28. september!

I sumar har Tor jobba her på fjellet.
oppdrag 13.08.15På dagtid diverse oppdrag for hyttefolk, som uthusbygging, terasser m.m.oppdrag 20.08.15 På kveldstid har han jobba ein del på tomta vår…
tomt strynsfjellvegen 18.08.15

Elles i sumar…
Tor har hatt ei feriehelg, ein fredagkveld til sundag, i fiskebua si i Hamsedalen…
Vår tradisjonelle ferietur, softistur til Geiranger, har vi hatt:
softis-turEg og Dora er like spente på å smake softisen…
Eg og Dora har òg hatt mange fine lufteturar i området her, mellom anna kveldsturar, som eg har kombinert med fotografering av solnedgang, kveldshimmelen, skyer og vatn. Eg er svak for desse motiva, og dermed blir det ein del bileter av dette.
Toppbiletet i innlegget er ein miks av nokre (!!!) av desse bileta. Men bileta blir aldri så fine som verkelegheita!
I tillegg har eg vore på ”før og no” –biletjakt. Har funne att stadene der eit par gamle postkort har vore teke. – Men den mest spennande turen tok vi sundag, når vi køyrde innover Strynsfjellvegen!

Eg har funne eit gamalt bilete av far, antageleg teke ca 1948-1950, som eg ikkje visste kvar var teke. Men med god hjelp, fekk eg veta at det var teke ved Storbrakka, inne ved Vassvenda.
Her er det gamle biletet av far, og Tor og Dora som sit omtrent på same stad.
storbrakka Den gamle vegvesenbrakka vart teken av ras i 1979, sundag drakk vi kaffe og åt nista vår der.
storbrakka murrestarLitt av murane er att, men ein del steinar er flytta på/fjerna. Kanskje kunne ein finne dei att i nybyggde vardar rundt om?
Eg har sett at mange stader rundt om i landet er det fortvilelse over alle vardane som folk bygger, for å markere ”her var vi”. Ein del tek steinar frå freda kulturminner for å bygge desse vardane. Slik er det nok dessverre her i området òg! La steinar og gamle murar få ligge i fred! Er nok ein grunn til at ein del områder er verna som nasjonalpark og landskapsvernområde, slik som innover langs Strynsfjellvegen.

Eg har fleire planar når det gjeld ”før og no” – men det står att å sjå om eg klarar å gjennomføre det, og koma i mål…

Vi får håpe på ein lang og fin haust…!

* * * * * * * * * *

Pin It on Pinterest

Share This

Del dette

Del innlegget med venene dine: