975 53 510 (ikkje SMS) - For større tekst: Klikk CTRL+ post@skjaakhytteservice.no

4. sundag i advent.

4. sundag i advent.

Vi skriv 20. desember – det er den mørkaste tida i året, men no er det like før sola ”snur” – og det går mot ljosare tider!
I dag er det 4. sundag i advent – jula er like om hjørnet!

Vi tenner fire lys i kveld
og lar dem brenne ned
for lengsel, håp, glede og fred.
Men mest av alt allikevel for fred.
På denne lille jord.
Hvor menneskene bor.
 

Mildvêret, med regn, dei siste dagane, har tæra ein del på snøen. I dag tidleg var snødjupna på Grotli målestasjon 45 cm. På snømålet ved krysset Strynsfjellvegen/Skridulaupråket var det omtrent nede på 60 cm. Vêret har òg ført til vanskelege køyreforhald etter riksvegen. Frå riksvegen til vinterparkeringsplassen er vegen ei blank isflate, det same er parkeringsplassen.
Etter vêrmeldingane ser det ut til at det skal bli litt kaldare frå i efta. Det vil bli litt snø og vind frå vest dei komande dagane. At dei melder opp i liten kuling julekvelden – det likar vi ikkje! Vi er invitert ned i bygda for å feire julekvelden i lag med Reodor og dei andre, da ynskjer vi ikkje uvêr og vanskelege køyreforhald!
Elles reknar vi med å vera her på fjellet resten av året, og inn i det nye…

Når det gjeld det nye året, er vi i rute med kalender til våre kundar som vi har skrivi tilsynsavtale med.
kalender 2016Dette er den 14. kalenderen på rad.
Til hausten kan Skjåk Hytteservice ”feire” 20 år. Når vi starta i 1996, hadde vi forhåpning om at behovet for hytteservice ville auke, men dei 2-3 siste åra har behovet heller gått ned. Noko av det har nok si naturlege orsak, mellom anna er ein del hytter solgt, eller overteke, av yngre krefter. Ein ser òg at dei 5-10 siste åra er det ein del som brukar hyttene sine oftare, t.d. på vinteren, og dermed har ”full kontroll” sjølve.
Vi må presisere at dei som ikkje har fast tilsynsavtale blir heller ikkje varsla dersom vi ser at t.d. glas eller dører står oppe. Dette grunna dei anonyme breva til Skjåk kommune for 2-3 år sidan, der det vart klaga over at nokon følte seg ”overvaka” og motarbeidd av hytteservic’n (noko vi, og fleire med oss, meinar er heilt grunnlaus og usakleg klage). Det har ikkje lukkast å finne ut kven desse er, derfor må vi gjera det slik.
Men dei som ber om ekstra tilsyn av hyttene, t.d. etter uvêr, eller er i tvil om dei hugsa å låse, eller slå av kaffetrakter m.m., dei får sjølvsagt dette utført av hytteservic’n!
Eller dersom nokon ynskjer å inngå fast tilsynsavtale, er det berre å ta kontakt, slik at vi kan ordne det. No er det snart nytt år – og ”nye moglegheiter”!

Ynskjer alle ein fortsatt fin sundag, og fine førejulsdagar!

Og vi kryssar fingrane for dei norske håndballjentene i kveld!

adventlys4

Pin It on Pinterest

Share This

Del dette

Del innlegget med venene dine: