975 53 510 (ikkje SMS) - For større tekst: Klikk CTRL+ post@skjaakhytteservice.no
Vår i fjellheimen!

Vår i fjellheimen!

Det vårast – og sumaren kjem nok hit på fjellet i år òg.

Like gledeleg er det kvart år, å sjå at endene er attende på tjønna. I fleire dagar har vi sett ein laksand-hanne symje rundt. Dykke ned på den eine sida av isflaka – og kjem oppatt på den andre sida… Men i går vart Grøntjønna fri for is. Det ER vår!

No om dagane pendlar vi meire mellom hytta og heime, enn vi har gjort før om åra. Tor tykkjer det går greit å gå til hytta med krykker – og det er her vi helst vil vera, sjølv om ein ikkje får utført fysisk arbeid.
Strynsfjellvegen mot Skridulaupen 02.06.16Slik var det når vi kom til fjells att i dag…

Hytteservicen blir stadig kontakta av folk som planlegg ting som skal gjerast på hytta i sumar, t.d. motering av Jets-anlegg, tilbygg o.a. Hytteservicen kan dessverre ikkje ta på seg større oppdrag denne sumaren, men formidlar så godt han kan. Når det gjeld Jets-anlegg har han bestilling på fleire, og har vore i kontakt med leverandøren for levering.

For eit par dagar sidan prata vi (Skjåk Hytteservice) med Berit på hotellet, vedr. St. Hans-feiring i båtnaustet att i år. Dei er villige til å ta ut båten, sette inn stolar og bord, koma med mat og drikke og lage det triveleg.
Men – er hyttefolket interesser? Ein kan vel ikkje si at det har vore den heilt store oppslutnaden før om åra. Hyttefolket har fått lov til å legge kvist der, ved rydding langs hyttevegane o.l., som det er meininga vi skal fjerne att, ved t.d. å lage St. Hans-bål for fellesskapet. Er det interesse? Skal vi be hotellet ordne til i naustet, og koma med (enkel) mat og drikke? Dette blir event. laurdag 25. juni.

Den siste tida har vore heilt fantastisk, her på fjellet. Dei siste dagane var det omtrent så ein kunne sitte å sjå at lauvskogen fekk eit grønskjær over seg.
I dag tok Dora og eg vår fyrste sykkeltur for i år. Men når Strynsfjellvegen ikkje er brøyta, blir det ikkje lange turen før snøfonnene set ein effektiv stoppar.
Men vi ser fram til bare vegar – og ein lang fin sumar!
Enn så lenge nyter vi våren – og delvis bart!
Strynsfjellvegen og Skridulaupen 02.06.16

Minner om at i helga er det:
– «Ståk i Skjåk» – marknad i Bismo. Og
– Motbakkeløpet «Flækøyhøe UPP», med start i Bismo sentrum.

Ynskjer alle ei fin tid – og GOD HELG!

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Pin It on Pinterest