975 53 510 (ikkje SMS) - For større tekst: Klikk CTRL+ post@skjaakhytteservice.no
Vårens vakraste…

Vårens vakraste…

…er når endene inntek tjerna i hytteområdet!
For nokre kveldar sidan observerte Tor ei laksand på Stalltjønna. Trass mykje is og snø, sumde den så stille og fredeleg mellom isflaka. Da er det håp om sumar – etter kvart…
Men på tjønna ned for hytta vår har vi ikkje sett ender enno i vår. Der er framleis mykje is, og i dag er heile tjønna dekka av is att. Her på hytta har det vore nede i ca -2,5° i natt.

Elgen brukar å trekke gjennom hyttegrenda haust og vår.
Sundag efta har (minst) to stk. kryssa Strynsfjellvegen rett vest for hytta vår, på tur vestover.
elgspor 07.06.15
Da kjenner den nok at det går mot sumar!

Vi, og andre hyttefolk, ser no fram til at det skal bli køyrbart til hyttene! På Statens vegvesen sine nettsider står det at vegen ”ventes åpnet” (!!!) den 15. juni. Eg veit ikkje om det er starta å brøyte vidare austover frå Stryn Sommarski denne veka (i helga var det ikkje starta). Etter at det blir brøyta skal vegen tørke og event. reparerast. Men vi får leve i håpet om at den blir opna over helga!

Sundag efta tok Tor ein tur i hyttegrenda, for å sjekke vegane og mylde oppatt der det var behov. Myldinga har virka fint, det er dei ”vanlege” fonnene som ligg att.
Har lagt inn ein del bileter frå turen i FB-gruppa til hyttefolket, men slik ser det t.d. ut rett innafor bommen i Kjosvegen…
kjosvegen 07.06.15
Og dess lenger opp i felta ein kjem – dess meir snø ligg det att, både i fonnene og i terrenget.
Oppover Strynsfjellvegen er det framleis ein del snø, men i eine kanten tek det til å bli bart eit stykke (opp til innkj. til H2). Blomsterjorda mi har gjort nytte for seg, og litt har eg måka (utan å øydelegge for dei som vil gå på ski), slik at ein kan gå i eine kanten…
strynsfjellvegen 08.06.15
Og Skridulaupen står der – traust og vakker – som elles i året!
skridulaupen 08.06.15

* * * * * *

 

Vi gløymer så lett…

Vi gløymer så lett…

Det kan ofte vera godt at vi har den eigenskapen, at vi gløymer det som var mindre bra, men hugsar det som var fint og godt. Utsagnet: ”Alt var så mykje bedre før…”, kan vel ofte vera nettopp av den grunn. Vi hugsar best det som var bra.

Her om dagen traff Tor ein hytteeigar som meinte at i år er det ekstra sein vår! ”Kor lenge kan det vera sidan sist det var så sein snøsmelting?”
Vi skal nok ikkje lenger attende enn til år 2012, som ein ser her på webkamera-bileta frå den 31. mai åra 2010 – 2015:webkamera grotli hyttegrend 31.mai 2010-2015
Åra 2008 (og kanskje 2007?) og 2005 var det nok òg sein snøsmelting.

Var ein tur borte i Kjossvingen i går, for å sjå korleis det ser ut der, den 31. mai i år:
Kjossvingen 31.05.15

Den 31. mai 2013 såg det slik ut:
Kjossvingen 31.05.13

Men den 31. mai 2005 såg det slik ut:
Kjossvingen 31. mai 2005
Da brøyta dei også frå aust, men dei siste åra har Strynsfjellvegen stort sett vore brøyta berre frå vest. No er det slutt på dei gamle brøytestikka over fjellet, nytt moderne utstyr gjer at brøytinga går etter GPS.

Nokon hevdar at Strynsfjellvegen vart opna like tidleg før i tida når dei måka for hånd, som no når dei brukar fres. Vell – enkelte år med lite snø kan det kanskje stemme. Men eg meinar òg eg har høyrt at det var dei åra dei ikkje rakk å halde vegen oppe særleg lenge om sumaren. Når det hadde vore vinter med mykje snø, sein snøsmelting – og snøen la seg att tidleg om hausten…

Dette postkortet frå 1936, er frå Strynsfjellvegen, frå den tida dei måka over Strynsfjellet for hånd med spade. Litt av eit slit! over Strynsfjellet 1936

Når ein ser attende på tidlegare år, om så berre 10-12 år, ser ein at våren i år ikkje er så ”unormal”, her på fjellet! Slik var det før vi fekk oss hytter her – og slik har det vore etter. Og slik vil det nok bli framover…
Vi hadde ikkje unormalt mykje snø i vinter, men nysnø og kjøleg  både i april og mai. Kan nemne at middeltemperaturen for mai 2013 var 5,4°, medan middeltemperaturen for mai i år har vore 1,9°.

Neste år får vi kanskje tidleg vår, og mild mai månad – så gløymer vi at vi meinte at våren i år er sein !!!

Ha ein fin junimånad – enten det blir vårmånad eller sumarmånad!

* * * * * *

Pin It on Pinterest