av AnnaB | apr 29, 2015 | Som dagane går
Det går mot helg og ny månad. I år har den 1. mai plassert seg svært fint i veka – for mange blir det langhelg.
Ein del har planlagt å tilbringe helga på hytta, med skiturar og hyttekos. Vêrmeldingane er nøye studert. Det ser vel ikkje så verst ut, men etter det eg kan sjå, har ikkje yr.no bestemt seg heilt for korleis vêret skal bli fredag. Sist eg sjekka hadde dei plassert ei snøstjerne der att…
Ein del lurar på snøforhalda. Til det er å si at det er nok av snø! Meteorologisk institutt sin målestasjon på Gamle-Grotli hadde registrert snødjupna til 99 cm i dag tidleg. Snømålet her i hyttegrenda syner framleis ca 115 cm. Kjølege netter gjer at snøen ikkje har minka særleg dei siste dagane.
Og med kjølege netter blir det fint skareføre frå morgonen. Som biletet over viser, hadde eg og Dora ein fin sparktur, på skaren, i går! Morosamt når ein kan sparke kvar ein vil i terrenget!

I går såg eg at TV2 hadde lagt ut ein video frå brøyting av Geirangervegen (frå vestsida). Videoen kan du sjå ved å klikke her.
«Det er mere snø i år enn i fjor», står det i kommentaren.
Det same har eg registrert her i Grotli!
Ikkje berre er det meire enn i fjor, men meire enn mange av dei siste åra (klikk på biletet for større versjon).

Bileta er frå webkamera ved krysset Rv 15/Fv 258, den 29. april (2008 er frå 22. april). Snømålingane på Grotli målestasjon same dag er:
2008: ingen målingar
2009: 69 cm
2010: 66 cm
2011: ca 60-70 cm (unøyaktige målingar grunna flaum der målestasjonen står)
2012: 102 cm
2013: 66 cm
2014: 81 cm
2015: 99 cm
Det syner at vi har att bra med snø i år!
Sesongane avløyser kvarandre…
I går vart ei trakkemaskin tilhøyrande Stryn Sommerski frakta til Grotli, før den skal køyrast innover Strynsfjellvegen til skisenteret.

På heimesida deira, ser eg at sesongen startar 21. mai. Ynskjer dei nye eigarane av senteret lykke til!!!
For Skjåk Hytteservice er trakkemaskinsesongen over, dermed passa det bra å samordne transporten, slik at vår trakkemaskin vart lasta opp og frakta ned i bygda att.

Litt tidleg å ynskje «god helg» på ein onsdag – men i og med ein del tek helga frå i morgon gjer eg det like vel.
Håpar alle får ei fin helg!
* * * * * *
av AnnaB | apr 27, 2015 | Som dagane går
På dagen i dag er det 75 år sidan luftkampen over Grotli, mellom et tysk bombefly (Heinkel), og eit engelsk jagerfly (Skua). Hendinga som blir hugsa best frå krigens dagar, her øverst i Ottadalen.
Det tyske flyet naudlanda på sørsida, ved austenden av Heillstuguvatnet, det engelske flyet på Breidalsvatnet. Det engelske mannskapet på to overlevde, og før dei forlot flyet sette dei fyr på det.
Det same gjorde det tyske mannskapet. Men dei måtte forlate den eine av kompisane sine, som omkom av skadene etter luftkampen. Dei tre andre starta å gå, for å koma i ly og finne folk.
Når dei tyske soldatane fann fram til ei gjetarhytte, hadde dei engelske soldatane allereie kome dit, til same hytta. Dei to engelske soldatane forlot hytta om kvelden og tok seg inn på hotellet, dei tre tyske soldatane overnatta i gjetarhytta. Ein av dei engelske soldatane hadde òg tidlegar på kvelden teke seg fram til hotellet, der han fann litt sjokolade, kjeks og sigarettar som han tok med seg attende til hytta.
Denne teikninga heng på Grotli Høyfjellshotel. I boka ”Grotli 100 år” er teksta:
”Møte i gjeterhytta ved Breidalsvatnet om kvelden 27. april 1940.
Engelskmennene Partridge og Bostock fra Skuamaskinen får besøk av tyskerne Schopis, Auchtor og Strunk, som måtte forlate det nedskutte Heinkel-flyet ved Heillstuguvatnet.”

Den omkomne Hauck, frå Heinkel-flyet, vart seinare midlertidig begraven ved den store steinen, nordvest for hotellet. Ein kan framleis sjå restar av minnesteinen, ved denne steinen (lånt privat bilete): 
Ved sør-austenden av Heillstuguvatnet ligg det framleis vrakrestar av Heinkel-flyet. (NB: vrakrestane er freda!)

Restane av Skua-maskina vart heva frå Breidalsvatnet, sumaren 1974 (bilete er henta frå boka ”Grotli 100 år”).

Den tyske piloten, Horst Schopis, har vore i Grotli att, på sine eldre dagar.
Her frå siste besøket, oktober 2009, 97 år gamal, der han sit oppe ved Heillstuguvatnet og ser over på staden der han naudlanda 27. april 1940. Besøket var i anledning opptak til ein dokumentarfilm om hendinga i april 1940.

Når ein ser på kartet over området der hendinga var, kjem det liksom så nært – når ein ser at hyttegrenda vår ligg midt mellom stadene der flya naudlanda. Frå Heillstuguosen gjekk Strynsfjellvegen, da som no, gjennom hyttegrenda vår og ned til gjetarhytta. Snøforhalda var vel omtrent da som no om åra, – brøytestikk, og stabbesteinar som stikk opp enkelte stader, viser vegtraseen. Ein underleg følelse – det var her det skjedde…!
(I 1940 var ikkje Breidalsvatnet oppdemt, og vegen som no går over dammen gjekk litt lenger vest enn den gjer i dag).
Dette info.merket står ved Strynsfjellvegen, ved austenden av Heillstuguvatnet, for å markere kva som skjedde i området, den 27. april 1940.

Det meste av historia har eg funne i boka ”Grotli 100 år”, ei bok som fortel om området Grotli, ikkje berre historia til hotellet, frå 1905 til 2005. For dei som er interessert i korleis det var her før, anbefaler eg boka (meinar den framleis er å få kjøpt på hotellet).
”Into the White”
Filmen ”Into the White” bygger på denne hendinga frå april 1940.
Mykje av innspelinga til filmen vart gjort her i Grotli, og starta i mars 2011.
Kulisser til filmen vart laga, mellom anna gjetarhytte og ein kopi av flyet, og delane vart frakta opp mot Kjerringtjønna (nordvest for hotellet), der innspelinga gjekk føre seg.

I dagane før innspelinga starta, fekk skodespelarane ei omvisning i Grotliområdet, der den faktiske hendinga var.
Her er dei, saman med Petter Næss (regissør av filmen) og Are Bergheim, oppe ved Heillstuguvatnet, på staden der det tyske flyet naudlanda.

Her er dei i området ved gjetarhytta (som låg i området der den raude ringen er), og ser vestover Breidalsvatnet, mot staden der det engelske flyet naudlanda.

Den tyske piloten, Horst Schopis, hadde gleda seg til den ferdige filmen, men døyde august 2011.
Filmen hadde premiere mars 2012.
På denne dagen kjenner ein spesielt godt kor heldig ein er, som lever trygt og godt i eit fritt og fredeleg land! Og i tillegg kan få vera her i Grotli og nyte dagen!
Men det er ein litt merkeleg følelse å sitte her i dag, 27. april 2015, omtrent midt mellom Heillstuguvatnet og Breidalsvatnet. Berre nokre hundre meter frå staden der det stod ei gamal gjetarhytte, som fekk stor betydning døgnet 27. – 28. april 1940…
* * * * * *
av AnnaB | apr 23, 2015 | Som dagane går
Kalenderen viser at det er den 23. april.
April kan vera vekslande og lunefull! Frå den varmaste og finaste dagen, hittil i år – til vind og snø som kjem på tvers! 
Statens vegvesen melder om liten kuling, og når det i tillegg er tette snøbyger…
Nordvesten lagar nesten julestemning (?) – no i april…

Vell – det er nok å overdrive! Vil heller sjå at snøen smeltar no! Men slik var det i gårefta, slik var det i natt og slik er det i dag.
Får trøste seg med at: det går nok over att! Vi har framleis trua på våren!
Yr.no melder om nedbør, men mindre vind og kanskje gløtt av sol frå i morgon.
Vi lever i håpet – og drøymer om sommaren!

… Men fyrst vil vi ha skikkeleg vår!
* * * * * *
av AnnaB | apr 20, 2015 | Som dagane går
Eg har klaga litt over snøvêr og mangel på sol og vårfornemmelse i det siste, men no har ”pipa fått ein annan låt”! Sol frå skyfri himmel, slik som i dag – det likar vi!
Ein lett bris, for å halde myggen borte – det kan gjera godt. 😉 Men myggen er nok ikkje her for om eit par månader, og det er heilt OK at den lar vente på seg. Rundt St. Hans brukar den å koma… Men ei humle forvilla seg inn på verandaen hjå meg i dag. DET må vel vera eit sikkert vårtegn!
Frå transportoppdrag…
Når det skal vera transport langt innover fjellet, blir vêrmeldingane grundig studert i fleire dagar på førehand. Det er ikkje forsvarleg å ta ein slik tur i dårleg vêr.
Yr.no varsla oppklaring førre fredag, dermed vart turen til Skarvedalen planlagt til fredag.
Og yr.no tok ikkje feil!

”Same kvar i verda eg er – berre eg ser Laupen!”
No var ikkje eg med til Skarvedalen, men frå Skarvedalshytta ser ein m.a. Skridulaupen.

Neste transportoppdrag inn i fjellet vart utført i går. Same fine vêret da!
Turen gjekk til Stamåtjønnen – men ein kan lure på om oppdragsgjevar måtte leite etter døra på hytta si…
…Men visste nok kvar han skulle leite…

Fine fjell i Skjåk. – Frå Stamåtjønnen ser ein Tverrådalskyrkja og mange andre fjelltoppar.

No håpar vi på mange slike finvêrsdagar, og helger, framover!
* * * * * *
av AnnaB | apr 16, 2015 | Som dagane går
…rypa tek til å skifte farge!
Måråglytt, torsdag 16. april -15.
Trur eg aldri har vore så lei vinter, snø, vind og nysnø som i år!
Rett og slett deprimerande, no når andre viser fram bileter av hestehov, blåveis, kvitveis, osv.. osv..
Når eg har sett ut, eller har vore ute ein tur, har stort sett snøen lava ned dei siste dagane. – Slik har eg i alle fall følt det…
Snømålet lyg vel heller ikkje. Laurdag den 11. april såg det slik ut, 116 cm:

I gårefta, den 15. april, såg det slik ut, 129 cm:

Da går det liksom feil veg, til vår å vera…
Og i dag når eg såg ut av glaset: det fyrste eg såg var snøvêr! Fekk berre lyst til å krype under dyna att…
Men det vart ei stor trøst, når eg tok til å samanligne med tidlegare år!
T.d. i 2010 var snødjupna på Grotli målestasjon 61 cm den 15. april.
Den 18. april hadde den auka til 96 cm.
Og når vi tenkjer etter, har det kome ein del nysnø både i april og mai, opp gjennom åra.
Vêret no om dagen er nok heilt normalt!
Kva sa Primstaven om sumardagen?
14. april blir kalla 1. sumardagen, etter gamalt var det knytt mange vêrmerker til den dagen.
– Er det varmt i dag, blir det varm vår.
Temperaturen var heilt som normalt, til årstida å vera.
– Kom det snø sumardagen, kunne ein vente snø 9 gonger (andre sa 7) før sumaren kom.
Berre å belage seg på meire snøvêr, forstår eg!
– Så tett som snøen fell sumardagen, så tett blir det av fluger og klegg i sumarvarmen.
Da ser det ut til å bli mykje fluger og klegg – kanskje mygg òg…
– Så bart som det er på hustaka i dag, så bart skal det vera på marka Hallvardsok (15/5).
Framleis mykje snø på hyttetaka, heilt normalt at vi har att ein del snø den 15. mai!
– Fraus det natt til 15. april, skulle det bli tre frostnetter om sumaren. Den fyrste omkring jonsok (24/6), den andre omkring olsok (29/7), og den tredje omkring barsok (24/8).
Heilt normalt, -4,1° natt til 15. april.
Vi set vår lit til rypa!
Det går nok rette vegen – mot vår! Rypa tek ikkje feil!

Ha ein fin dag – mot våren!
* * * * * *