975 53 510 (ikkje SMS) - For større tekst: Klikk CTRL+ post@skjaakhytteservice.no

14. juli – Midtsumar!

14. juli – Midtsumar!

Midtsumardagen, 14. juli, fell i Noreg midt i sumarhalvåret, tida 14. april (sumardagen) – 14. oktober (vinterdagen). Primstavmerket er ein ljå, ei rive eller ei grein. På min primstav er dagen merka med ei grein.
primstav midtsommarOfte er det òg merka med ein strek på tvers av primstaven. Denne dagen reknar ein at halve sumaren har gått.
I seinare tid har namnet etter svensk mønster også vorte knytta til St. Hans (eller jonsok som mange seier). Eg for min del klarar ikkje å tenkje midtsumar ved St. Hans-tider. Når ein bur i innlandet, og særleg når ein oppheld seg høgt til fjells, er det ikkje kvart år ein har merka mykje til sumaren, ved St. Hans. Da blir det litt deprimerande å tenkje at halve sumaren allereie har susa forbi. Sumaren går fort nok like vel…

Dette si primstaven om midtsumardagen:
midtsumar primstaven

I år går eg framleis og ventar på sumar og sumarvarme. Har liksom ikkje merka så mykje til den.
Eller – kanskje det var i juni den var her? Årets, hittil, varmaste dag var den 2. juni, med 20,7°.
Og når ein ser på heile juni månad i år, er det den varmaste sidan målingane starta i Grotli. Middeltemperaturen var jamvel høgare enn for juli i fjor, da middeltemperaturen var 8,8°!
temp nedbør juniDette er sjølvsagt ikkje mange år å lage statistikk over, men når det ikkje er andre sikre målingar, får ein bruke det ein har…

Alt er liksom satt på «vent» hjå oss i år.
Vi hadde eigentleg rekna med å vera langt kome på husbygginga denne tida. Men lite, eller ingenting, har vore gjort etter jul. Når helsa sviktar er det ingenting å gjera med!
No er gleda at det går så fint framover med Tor! I august er det kontroll og røntgen av ny-hofta.
Når han kunne starte trening i terrenget, med gåstavar, vakna lysta til ein tur til Hamsedalen raskt!

Sist helg gjennomførte han Hamsedal-turen!
ola-bu hamsedalen juli -16

Det største målet var nok ikkje fiske – men rett og slett få ei helg i Ola-Bu att! Og litt fisk vart det òg…
ola-bu hamsedalen 10.07.16 2

Sundag vart det jamvel ein tur på meg og Dora.
ola-bu hamsedalen 10.07.16 3

Når eg las i hytteboka, såg eg at det var 10 år sidan sist eg hadde fottur heilt til Ola-Bu.
ola-bu hamsedalen 10.07.16 1

At snøsmeltinga i fjellet varierar frå år til år – det veit vi.
Men like vel morosamt å sjå det «svart på kvitt» frå same dato. Her frå Hamsedalen 8 juli. 1981 og 2016.
Hamsedalen 1981 og 2016

 

Ynskjer alle ein fin midsumardag – og GOD HELG!

luftetur
* * * * * * * * * * * * * * * * * *

Pin It on Pinterest

Share This

Del dette

Del innlegget med venene dine: