975 53 510 (ikkje SMS) - For større tekst: Klikk CTRL+ post@skjaakhytteservice.no

Blir vel ikkje filmstjerner denne gongen heller…

Blir vel ikkje filmstjerner denne gongen heller…

Septemberkveld i Hamsedalen – med røyk frå pipa i Ola-Bu.

Det sies at det er vanskeleg å spå, særleg om framtida; men når Mesta tek til å sette opp brøytestikk langs Rv15 over fjellet – da går det heilt sikkert mot vinter.

Stikking langs vegen er i gang!

Som før om åra undrar ein kvar sumaren vart av!
Eller – det som skulle vera sumar.
Korkje juli

eller august

overgjekk tidlegare år når det gjeld sumarvarme, slik vi drøymer om når sumaren kjem.
Men vi skal ikkje klage – vi har hatt mange fine dagar i år òg!

«Kva skal eg med dette…?»
Som dei fleste sikkert har lagt merke til, «samlar» eg på vêrdata og bileter for å samanligne år for år. – Ja, jamvel bileter som kan vera 100 år gamle samlar eg på, og prøvar å finne att staden og motivet, for å ta nytt bilete.
Eg merkar at det er ikkje så mange andre som har interesse av dette, og ofte tenkjer eg òg: «Kva skal eg med dette…?»

«Brukar det å ligge snø i Grotli, denne tida?»
Men… I sumar fekk Tor ein telefon frå eit norsk filmselskap, som ringte på vegne av eit koreansk filmteam. Dei skal gjera opptak til ein film. Datoane er allereie bestemt, og spørsmålet var m.a.: «Brukar det å ligge snø i Grotli denne tida? Korleis er vêret denne tida?»
For nokre dagar sidan var ein norsk og to koreanske representantar her i Grotli. Tor var med dei, og viste dei rundt. Og eg møtte dei med PC’n min, og synte dei bileter frå desse datoane, frå åra 2008-2016. I tillegg tok eg med utskrift av vêrdata eg har samla frå Meteorologisk institutt sin målestasjon i Grotli, frå same tidsrom som dei eventuelt skal gjera opptak.
At det på over 50% av bileta var snø, det var positivt. Men dei koreanske representantane sa «Brrrr…», og kulsa seg, når eg synte dei at det har vore ned mot -20° her, denne tida òg…
Om dei kjem til å velge Grotli for opptak til filmen – det står att å sjå! Men eg fekk, i det minste, nytte av bileta og notata eg samlar på.
Det blir uansett ikkje noko filmrolle på meg eller Dora! Hunden som skal vera med på opptaka skal vera av ei heilt anna rase, og dei hadde allereie helsa på ei potensiell «filmstjerne» av rasa i Oslo. Heilt OK for meg og Dora!
Men det blir spennande å sjå kvar i Noreg dei vel å gjera opptaka til filmen. Dei hadde 2-3 andre potensielle stader òg, utanom Grotli. 
Men – det er lov å håpe! Andre som har fått mine vêrrapportar for bestemte perioder, har valgt Grotli for opptak. 

Vinterførebuing…
Skjåk Hytteservice har så smått teke til å førebu seg på vinteren.
Ein del har allereie bestilt, og fått levert, vinterved.
Behovet for kva ein må ha på lager, har endra seg litt med åra. No er det mange som har montert Jets-anlegg på hyttene, og Tor har og belaga seg på eit bra lager av frostvæske til Jets-anlegga, for dei som ynskjer å kjøpe.

For nokre dagar sidan hadde vi montør her, som skifta ut webkamera mot Skridulaupen. No kan ein sjå vêret og dei fine haustfargene som naturen byr på no i tida framover, frå 3 webkamera her i Grotli!
  

Hausten byr òg på nokre «tradisjonar» for hyttefolket: Haustmøter / årsmøter.
Breidablikk hadde sitt haustmøte/årsmøte førre helg.
Grotli Hyttegrend skal ha årsmøte komande helg, med kurs i bruk av hjertestarter (den kom på plass like over påske), årsmøte og dugnad (sjå info. på heimesida til Grotli hytteforeining).
Etter det eg kjenner til, skal Grotli Fritidsboligområde (Grotli Fjellhytter) ha sitt haustmøte neste helg.

Hausten er ofte ei fin tid, her på fjellet!
Nyt den!

Ynskjer alle ei fin helg!

* * * * * * * * * * * * * * * * *

Legg til kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Pin It on Pinterest

Share This

Del dette

Del innlegget med venene dine: