975 53 510 (ikkje SMS) - For større tekst: Klikk CTRL+ post@skjaakhytteservice.no

«Tenk ski – Tenk Grotli»

«Tenk ski – Tenk Grotli»

Det har «alltid» vore hevda at Grotli er «eit snøhol». Det har ikkje blitt motbevist denne vinteren heller. Medan andre ski-destinasjonar har slitt med lite snø, har snøen lava ned i Grotli.

heillstuguvatnet grotli skjåkfjell 11.04.17

Mange var litt bekymra over at påska var så sein i år. «Vil snøen og skiføret halde?»
Før påske var det snø i masse vis! I løpet av påska fekk vi ca 35 cm påfyll av snø. Og dei siste tre dagane har snødjupna auka med over 20 cm att.
Av dei siste åra, med nøyaktige snømålingar, har det ikkje vore registrert så mykje snø på denne dato før. Grotli målestasjon registrerte 126 cm i dag tidleg. Snømålet her i hyttegrenda viste 140 cm i dag.
snømål 23.04.17Vi må antageleg attende til år 2005 for å finne tilsvarande snødjupn, på denne tida av året.
Det er berre å planlegge skiturar framover våren!
Ser ut til at vi skal ha snø lenge i år.

Dei som har fått seg hytte i Grotli, og området rundt her, er vel nettopp på grunn av den lange skisesongen. Tyder på at dei ikkje blir skuffa i år heller.
Og dei som ikkje ynskjer all denne snøen, til langt ut i mai/juni – dei burde kanskje undersøkt litt bedre før dei fekk seg hytte her. Vi er mange som kunne ha fortalt korleis det verkeleg er, m.a. om (etter mange si meining) sein vår og moglegheiter for vårbrøyting!

Noko som heiter at; «ein må ta skikken der ein kjem» – ikkje minst innrette seg etter (godta) vêr- og klima-forhald.

løypekøyring mårådalsmunningen teigahytta skjåkfjell heillstuguvatnet grotli 14.04.17

Men – er det nokon som tenkjer over, og hugsar, at det vart eit stort framsteg frå 1999, her i Grotli Hyttegrend?
Det høyrer ein aldri om! Ein høyrer berre om kor mykje bedre alt var før 1997. Kva var bedre før 1997, og kva vart endra dette året?
At Statens vegvesen endrar sine rutiner og går til innkjøp av nytt og meire moderne utstyr, for å spare pengar, det kan ikkje vi blande oss opp i! Det skjer framsteg hjå dei òg, slik at dei slepp å bruke så lang tid på brøyting over Strynsfjellet. Det vil si; dei kan starte brøytinga seinar, da vegen tidlegast kan opnast 10. juni (j.f.r. bestemmelsane for Strynefjellet landskapsvernområde).
Våren 1999 var fyrste våren med organisert mylding av hyttevegane. Før 1999 var det fleire år vi ikkje fekk kjørt til vår hytte før i juli (trur ikkje vår hytte er den det sist er køyrbart til). Etter 1999 er det seinaste det har vore køyrbart hit, den 20. juni. Det var våren 2005 – nettopp den våren med ekstra mykje snø.

grotli skridulaupen skjåkfjell 14.04.17

Grotli er staden med lang vinter, – men vi kan også nyte ein fin vår, sumar og haust, her på fjellet!
Eller omtrent som Aukrust har skrivi: «9 månader vinter, og 3 månader med dårleg sledeføre…» – men det var nok mynta på ein annan stad…

…Mellom snøbygene i dag, fekk eg «fanga» dette motivet – mot Skridulaupen. Den hadde nok mange besøk, i løpet av påska i år òg!
grotli hyttegrend skridulaupen skjåkfjell 23.04.17

Det gamle slagordet:

«Tenk ski – Tenk Grotli»

…det gjeld framleis!

Ha ei strålande veke!

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Legg til kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Pin It on Pinterest

Share This

Del dette

Del innlegget med venene dine: