Tor Bruland, 2690 Skjåk  Tlf.975 53 510 post@skjaakhytteservice.no                    

 




    "Tilbodsbrev, august 2010:"
                                                                 

        Mot haust og vinter...  


Om vi vil eller ei – det går mot haust og vinter her på fjellet!
Kva med å førebu seg på vinteren allereie no?
 
             
  
              Her er nokre tilbod frå Skjåk Hytteservice...


- Treng du ved til vinteren?
Til mange hytter er det enklare å levere mens det enno er bilveg.
Vi kan levere bjørkeved i 60 l sekkar – min. 5 sekkar = fritt levert på hytta (gjeld Nysetra/Grotli/Breidablikk-områda).

- Bør pipa på hytta feies?
Skjåk Hytteservice kan ta oppdraget!

- Bør hyttedoen tømmes før vinteren?
Det blir ei runde med sugebil i september (veke 36). Gje beskjed snarast, og seinast 6. september (gjeld ikkje Jets-toalett)!
Eller treng du ”manuell” tømming? Vi utfører det òg.

- Treng hytta di fast tilsyn?
Du kan inngå fast tilsynsavtale med Skjåk Hytteservice.
Eksempel på tilsyn:
Vinter, utvendig tilsyn - ca annakvar veke (blir gjerne utført under/etter uver, og ved ekstra kulde).
Sumar, utvendig tilsyn – ca ein gong pr. veke (sjekkar at glas og dører er atte/låst, og ikkje noko ”unormalt” ved hytta).
 

Prisar på tilsyn:
                            Grotli-området,  Nysetra/Breidablikk står i  ( )   
Vintertilsyn, i tida 1. oktober – 31. mai,   kr 1230,-   (kr 1420,-)
Sumartilsyn, i tida 1. juni – 30. september,   kr 865,-   (kr 1010,-)
Heilårstilsyn,   kr 1940,-   (kr 2230,-)
Avtala kan innehalde om noko spesielt skal sjekkast på di hytte – t.d. om det er straum på hytta. Det kan enkelt sjekkast ved utvendig tilsyn, om vi avtalar at t.d. uteljos står på, eller i rommet der pumpe, fryser o.l. står.

Om du inngår fast tilsyn, får du prisreduksjon ved andre tenester,
der du bestemmer når det skal utførast, som:
- Påsetting av varme før du kjem på hytta (el.-omnar, varmekablar o.l.)
- Ekstra innvendig sjekk, ved t.d. kulde og fare for frost i hytta (vi gløymer vel ikkje så lett den langvarige kulden vinteren -09/-10, med ned i -40 iskalde grader…)
- Om du har gløymt noko på hytta (slått av kaffetrakter, lommeboka, nøkklar, mobiltlf., koffert, klær…)
Eksempla er mange!

Ta kontakt om du treng noko av desse - eller andre - tenester!



                                      

Tenester


Skjåk hytteservice tek på seg blant anna dette:

Varetransport
Få varene dine køyrd heilt fram til hyttedøra. Enkelt og greitt.

Vedlikehald
Snømåking, vedlikehald, tømming av do, feiing m.m (etter timepris)

Utvendig tilsyn ved behov
"Akutte" tilfelle der du sjølv gjev beskjed når tilsyn skal utføres (t.d. sjekke om du har gløymt å låse dør, lukke vindu ved avreise frå hytta osb.)
Ved evnt. utbedring/forebygging av skade (etter avtale): timepris.

Klargjering
Til dømes sette på strøm på el-ovnar/varmekabler i hytta.

Tilsynsavtale - fast abonnement
Utvendig tilsyn: sporadisk kontroll som blir utført omlag ein gong pr. 14. dag om vinteren, og ca. ein gong pr. veke sumar.
Tilsynet innebær: Kontroll på at ting er i orden. Dvs. at vi ser at glas og dører er atte, og at det ikkje er teikn til noko unormalt. Om noko gale blir oppdaga, vil vi snarast varsle eigar/kontaktperson.
Du kan velge om du vil ha heilårstilsyn, vintertilsyn eller sumartilsyn.
Som fast abonnent på tilsyn har du også spesialpris på tilsyn ved akutt behov, oppvarming og strømavlesing.

Ynskjer du fleire tenester inn under tilsynsavtala?ta kontakt for tilbod!


Løypekøyring
Skjåk Hytteservice tek også på seg løypekøyring.

Lagring
Sjå eiga lenke i menyen


SNØRYDDING

Vil du ha rydda bort snø ved hytta?

Vi utfører snørydding med
maskin,


fres,


og spade...



Treng du transport av "påske-bagasjen" til hytta?

Skjåk Hytteservice vil frå og med fredag før palmesundag (og ut påska) vera i beredskap med 2 - 3 snøscooterar i Grotli-området.
Det er da tidsnok å gje beskjed 10 - 15 min. før du er framme, så køyrer vi fortløpende, eller så snart vi kan; om det er kø!
Reknar du med å koma "ekstra seint", t.d. etter kl 21; ta gjerne kontakt tidlegar på kvelden, slik at vi veit om dykk.

I andre delar av området (t.d. Breidablikk og Nysetra) må det beregnes "utrykkingstid" (opplasting av scooter og køyring), så gje beskjed ca 1 time før beregna ankomst.

Andre transportoppdrag, t.d. transport av ved, båtar, materialar o.l. tek vi utanom vanleg proviant-transport.
Velkomen til fjells - vi skal gjera vårt beste om du treng hjelp!



TRANSPORT

"Spesial-doning"

Båthengjar med ski.

For transport av båtar, har Geir "komponert" og laga denne løysninga, der hjula på båthengjaren kan bytast med ski.

Båten kan da transporteres både med bil og snøscooter, utan omlessing.



Frå diverse transportoppdrag.


Glimt frå transport til Honnsjoen, 28.03.08..


Honnsjoen, 28.03.08. Materialar og byggevarer på plass.




..og over Vuluvatnet (Nysetra), 12.04.08.


Nysetra, 12.04.08. Omlasting av glasopor.


Nysetra. Omlasting av støypsand.


Nysetra. Omlasting av armeringsmatter.


Nysetra. Murstein og sand på plass.


Nysetra. Transportoppdraget nærmar seg fullført.


         * * * * * * * * * * * * * * * * * * *


 

Du skal ha fri når du har fri!


Gjer fritida så lite arbeidssam som mogleg!
Med god hjelp frå Skjåk Hytteservice slepp du å bruke halve helga på å måke deg inn til hyttedøra.







Treng du tilsyn av hytta di?
Gløymt å låse døra?
Eller er du ikkje heilt sikker på om du lætte att vindauga?

Ta kontakt med oss, så kan vi koma med tilbod på tilsynsavtale, eller sjekke hytta når du ynskjer. 





Ved kan leveres på hytta...





 

Ynskjer du å sjå snømengda ved DI hytte?
Vi kan ta bilete, og sende deg på e-post! Ta kontakt!


  (Bilde teke januar -05)











Gravearbeid...

...t.d. for tank til Jets-toalett











                *******



Til hovudsida:

På toppen av alle sidene våre, oppe til venstre, er denne logoen:





Den kan du klikke på, for å koma attende til startsida



                *******



































































 

Klukkargarden Disain© 2007