975 53 510 (ikkje SMS) - For større tekst: Klikk CTRL+ post@skjaakhytteservice.no

Sumar – med sine gleder og bekymringer…

Sumar – med sine gleder og bekymringer…

Vi venta lenge på sumar og sumarvêr!
Det var litt sjokkerande å oppdage at den 17. juli hadde vi nøyaktig same makstemperatur som den 20. desember -16! Nemleg 8,3 plussgrader. Rett nok meir unormalt den 20. desember enn 17. juli, her på høgfjellet – men like vel…

Men så – den 19. juli kom sumarvarmen og finvêret!
Nokre dagar med strålande sol og temperatur over 20 grader! Det kjennes godt ut.
Men det vart ikkje sett nokon varmerekord, og det står framleis att å sjå om juli «kvalifiserar» seg til å bli kalla sumarmånad, med gjennomsnittstemperatur på minst 10 grader. Pr. i dag ligg gjennomsnittstemperaturen for juli på 8,9 grader…

– Framover Hamsedalen, mot 3. og 2. vatnet…

Når det gjeld varmerekord…
Grotli målestasjon vart sett i drift 1. oktober 2008.
Den 24. juli 2014 vart det målt 26,0 grader. Det er den høgste temperaturen målt – hittil.

Som før nemt har Tor vore to turar i Finnmark i sumar. Ingen av dei nokon ferietur. Men like vel «godt» at han fekk teke desse turane.
Derfor var det ekstra fortjent med fisketur til Ola-Bu sist helg! Om ikkje fiskelykka var heilt på topp, så var vêret på topp, og dei fekk ei fin langhelg i Hamsedalen!

– Ved 4. vatnet i Hamsedalen… 

Og eg – som «hytteservice-vikar» når han var på desse turane, fekk mellom anna prøve meg på «ting eg ikkje kan»! Tor er vaktmester/kontaktpersom når det gjeld målestasjonen til Meteorologisk institutt. Innrømmer at eg vart «litt skjelven» når det kom oppdrag derifrå, men med hjelp og veiledning fekk vi Grotli målestasjon opp på sida til Yr.no att.

Regn og torden.
I går efta var det varsla regn og torden over store delar av austlandet. Her oppe i fjellheimen gjekk vi lenge fri, men litt før midnatt kom dei fyrste tordenbraka og regnet.


I løpet av natta kom det ca 20 mm. Det er ikkje meire enn det fleire stader fekk i løpet av ein time. Det er nok ein grunn til at det heiter seg at «i Skjåk er det like tørt som i Sahara». Nedbørsfattig bygd, sjølv om vi som bur her ikkje alltid føler det slik.
Men lyn og torden kan lage problem i diverse elektronikk, også på hyttene!
Vi får meire og meire moderne utstyr rundt oss, sjølv på enkle lågstandard-hytter.

Så – kva gjer ein, når elektronikken i eit Jets-anlegget blir øydelagt?
Fortvila hytteeigar med dette problemet, etter nattas torevêr, ringde til Tor i dag. Vanlegvis tek det fleire dagar å få tak i nye delar, og få skifta dei.
Tor er ingen tryllekunstner som kan fikse «alt», men når han tidlegare har solgt utstyret der, hjelper han kundane sine så godt han kan – for at dei skal sleppe å avbryte hytteopphaldet på grunn av problem som oppstår.
Slik vart det i dag òg. Improvisert løysing på problemet (skifte av den øydelagde delen), og hyttefolket kunne fortsette hytteferien!
Vi får håpe at det ikkje har oppstått problem med straum og elektronikk på fleire hytter, etter uvêret!

Som før om åra er eg svak for kveldshimmelen som fotomotiv…

Ha ein fortsatt fin sumar!

* * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Pin It on Pinterest

Share This

Del dette

Del innlegget med venene dine: