Tor Bruland, 2690 Skjåk  Tlf.975 53 510 post@skjaakhytteservice.no        

_________________________________________________________________________________________________


 
             Div. informasjon frå Skjåk kommune,
                                           til hytteeigarar, og andre... 

Her er ein del informasjon, skriv og vedtak samla...


Sida sist oppdatert: 21.04.10. 
   

NYTT !!!  

Adressenavn i Skjåk
er lagt ut til høyring, sjå her...
Høyringsfrist er sett til 5. mai 2010.
Dette gjeld òg adresser / namn på hyttevegar.
Namneforslaget frå Grotli Veglag, med namnebegrunnelse, ligg òg her...     



Rapport om Naturovervåking i Skjåk, 2009
     Heile rapporten finn du her...      

Nokre sitat frå rapporten:

"5.6.Forureining frå hytter
Generelt.
Ei av hovudoppgåvene for naturoppsynet er å overvake om det blir laga spesielle
arrangement for avløp og inntak av vatn til hytter. Av dei område som har størst generelle problem med infiltrasjon er Bråtågrenda.
Akutt forureining:
Ikkje registrert.
Tidlegare status:
Kommunen fører ein streng politikk og teke fatt i dei anlegg som har vore ulovleg
bygde.
2009:
Dette er ein kontinuerleg prosess som blir slegen hardt ned på med bøter.
Truslar:
Ulovlege bygde permanente anlegg og spekulative innretningar for å skjule installasjonar."

"Kommuneplanen – hytter - villrein
I samband med ferdigstilling av kommuneplanarbeidet vart det meldt innsigelse frå
fylkesmannen på hyttefelt i Billingsdalen. Spesielt Grotliområdet vart fokusert som eit
sensitivt område i forhold til villrein. Kommunen sette ned ei gruppe som utgreidde
problematikken og som kom med forslag til kompenserande tiltak og endring av planen med reduksjon av antal hytter."

"9.2.Hyttebygging   
9.2.1.Grotli hyttefelt.
Det blir stilt spørsmål ved om hyttefeltet held på å bli eit miljøproblem ved at
fleire hytter har lagt ”vatn både inn og ut.”
Rapport utarbeidt av miljø- og næringssjefen sumaren 2002 ut ifrå stikkprøvekontroll.

9.2.2.Breidablikk hyttefelt.
Hyttefeltet er plaga av vegproblematikken
. I 2002 har ein leigekøyrar fått løyve
for drive fraktteneste i området på barmark. Dette for å få bukt med privatkøyringa.
I samarbeid mellom hytteforeininga og Skjåk Energi blir linenettet i feltet lagt ned i grunnen.
Dette betyr mykje for landskapet.

9.2.3.Liavatn hyttefelt
Feltet er ferdigregulert i 2003. Det er fortetting av eksisterande felt og utviding.
Planlagt 35 nye hyttetomter + 2 tidlegare bortfesta ikkje bygde i feltet.
Totalt 37 tomter.

9.2.4. Grotli fritidboligområde
Feltet vart regulert etter ein grundig prosess i kommuneplanprosessen, med
utarbeiding av eigen plan for villreinen. Det er planlagt 75 nye fritidsboligtomter.

9.2.5. Nyseter – Billingen hyttefelt
Felt austover frå Fjellro mot Billingen er under planlegging i 2007.
Det er sett grense på 70 tomter i kommuneplanen.

9.2.6. Heggebottlia hyttefelt
Felt regulert 2009. Regulert for 13 hytter.

9.2.7.Billingen Hyttegrend
Felt regulert 2009. Regulert for 70 hytter.

9.2.8. Dønfoss
Felt regulert 2009. Regulert inn 25 hytter."


                   PS: Det raude feltet er markert av meg, AB.

                                 Gå inn og sjå heile rapporten!


          * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

19.01.10, påminning / informasjon om vassforsyning:    
Skjåk kommune, v/ leiar Plan, samfunn og Miljø, har sendt epost til Grotli hytteforeining, Breidablikk hytteforening og Skjåk Hytteservice.
Han viser til vedtak, der Miljø- og næringsutvalet ynskjer å slå hardt ned på dei som bryt reguleringsbestemmelsane med omsyn til innlagt vatn.
Nyleg vart det utferdiga eit forelegg på kr. 15.000,- til ein hytteeigar,
for brot på reguleringsbestemmelsane.
Vedtaket vart gjort med heimel i § 114 i Plan- og bygningslova.

Han ber oss på denne måten informere gamle og nye hytteeigarar om bestemmelsane vedr. innlagt vatn i hytter.

Definisjon av innlagt vatn.
Her er sitat frå skriv frå Miljø- og næringssektor, utsendt til hytteeigarane i Grotli og Breidablikk i 1995 og 2002:

      Miljø- og næringsutvalet har definert dette nærare:   

       Lovleg vassforsyning etter reguleringsbestemmelsane:  
       1.  Utvendig vasspost.
       2.  Utvendig cisterne utan røyr/ledning inn i hytta.
       3.  Innvendig cisterne utan røyr/ledning inn i hytta for fylling,
            d.v.s. vatnet må berast inn.     
            (Merk at cisterna må ligge i hytte/kjellar 
            og kan ikkje vera nedgrave i grunnen)

       Ulovleg vassforsyning etter reguleringsbestemmelsane:   
       1.  Røyr/ledning inn i hytta frå utvendig vasspost/brønn/cisterne.
       2.  Innvendig cisterne/lagertank med røyr/ledning inn i hytta for fylling.
            Med røyr/ledning inn i hytta er også meint provisorisk slange
            for bruk ved påfylling.
  
                            - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - 

Skriv om vassforsyning:

Brev frå fylkesmannen i Oppland,
     vedr.  Private vasspostar i hytteområde...    
           I ein kommentar til dette skrivet, skriv kommunen, 01.07.09:
           
”Uansett er det lovleg med berre utvendig vasspost.”


Kva er kommunen sin definisjon av innlagt vatn?
    Bygningsrådet sitt vedtak og definisjon, 04.09.95, sak 41/95, vart utsendt
    til hytteeigarane i Grotli og Breidablikk, i 1995 og 2002, og ligg her...   


Fleire skriv og vedtak: 

Reguleringsbestemmelse, Grotli hyttegrend
     Godkjendt av Skjåk kommunestyre, sak 5/96, ligg her...  


Vakumtoalett i hytteområda
     Rettningslinjer og krav frå kommunen finn du her...  


Kommuneplan (utdrag; fritidsbustader), 
     Godkjendt i Skjåk kommunestyre 22. juni 2006, ligg her...  


Bruksareal     
     Forklaring/utrekning bruksareal ligg her...  


Renovasjon hytter
     Info. om renovasjon ligg her...      





===

Grotli fritidsboligområde (hyttefeltet bak Grotli Høyfjellshotel)
     har egen reguleringsbestemmelse, den ligg her...   

===





Skjåk kommune si heimeside finn du her...     


PS; 06.02.10: lenker til div.skriv er innlagt på nytt. Håpar dei no fungerar...


   Skjåk Hytteservice
   er forhandlar for Jets.
  



Attende til startsida; klikk logo:

 


Klukkargarden Disain© 2007