975 53 510 (ikkje SMS) - For større tekst: Klikk CTRL+ post@skjaakhytteservice.no

Naturen er i rute…

Naturen er i rute…

Ein kan vel si at naturen er i rute – slik midt mellom sein og tidleg vår.
Steinar kjem fram or snøen, haugar med forhaldsvis lite snø, er blitt til barflekkar.
Mai har (hittil) vore mild, ser og kjennes det ut til. På Grotli målestasjon har snødjupna gått ned med 79 cm frå 1. mai til i dag 24. mai. Men i år var det òg ein del å ta av, og det ligg framleis mykje snø i terrenget.
Den som ynskjer kan nok framleis ta seg skiturar.


Men vårfornemmelsen er her! Med ljose kveldar, elvesus, fuglekvitter og jamvel gauken fekk vi høyre for fyrste gong i år den 19. mai.

Brøyting av Strynsfjellvegen.
Som vi vart informert om på påskemøtet, skulle Statens vegvesen brøyte eit stykke oppover i byrjinga av mai i år (sjå referat frå påskemøtet på heimesida til Grotli Hytteforeining).
Den 8. mai kom Mesta med snøfres og brøytte opp til Saltplassen.
I dag (24. mai) fekk vi denne gledelege meldinga:

INFORMASJON, 24. mai 2017:
Statens vegvesen og Mesta gjev hyttefolket lov til å køyre gjennom «raudbommen», og oppover til Saltplassen.
Men det er på EIN betingelse:
Bommen skal letast att, når nokon har køyrd gjennom!!! 

Det er KUN hyttefolket i Grotli Hyttegrend som får nytte seg av denne moglegheita!
Det vart ikkje sagt noko vedr. parkering.
Hyttevegane er ikkje køyrbare!

– Slik såg det ut oppover Strynsfjellvegen i går, 23. mai. 

Da vart det ein liten rapport frå meg i dag. Det blir stort sett vêret ein har å rapportere om, men med daglege notat i «Vêret i dag», fleire vêrstasjonar og webkamera i området, held nok dei fleste seg oppdatert sjølve.

No må vi berre nyte denne fine tida!

Det blir heilt sikkert sumar i år òg – vi må berre gje den litt tid…!

Framleis ventar ein på at vegen til Geiranger skal bli opna.
Kryssar òg fingrane for at Fv 258 blir opna frå vest til Stryn Sommerskisenter til den 1. juni, slik at skisenteret kan opne som planlagt, frå 1. juni!

Her er eit bilete som Tor tok i gårkveld, ved Heggebott-vatnet, på ein tur arrangert av Skjåk Turlag.
Skjåk Turlag arrangerar fleire turar – det er berre å «henge seg på».

Minner òg om at laurdag 27. mai arrangeres Flåklypa Grand Prix i Lom/Skjåk.

Ynskjer alle ei GOD HELG!

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Pin It on Pinterest

Share This

Del dette

Del innlegget med venene dine: