975 53 510 (ikkje SMS) - For større tekst: Klikk CTRL+ post@skjaakhytteservice.no

Fråværsmelding – og litt frå kvardagen i fjellheimen…

Fråværsmelding – og litt frå kvardagen i fjellheimen…

Juli og sumar!
Kalenderen seier at det er slik – men her på fjellet har vi ikkje merka mykje til sumarvarmen enno.
Men – vi er optimistar!
Sparken har fått sumarferie…
…så får vi sjå om blomane blir mat for sauene som er observert i området, eller ikkje.

Vi får håpe at juli oppfyller «kravet», med minst 10 grader i gjennomsnitt, til å bli kalla sumarmånad.
Hittil ser det heller dårleg ut. Skal juli rekke det, trengs det snart ei varmeperiode!
Men slik sett er det ikkje kvart år vi har hatt sumar, her på fjellet, med månader med over 10 grader i gjennomsnitt. Medan andre år har middeltemperaturen vore over 10 grader i både juli og august.
Men sumar er det – uansett, og godt er det!

I fjellet er det framleis mykje snø for årstida, og på ein del fjellvatn ligg det framleis is.
I slutten av juni fekk vi òg eit par netter med minusgrader – og nysnø langt nedover fjellsidene.
Men med morgonsol og blikkstille vatn, gløymer ein at det hadde vore ynskjeleg med litt mindre snø, og litt mildare – slik som når ein ser dette:
– Vestover Breidalen, Breidalsvatnet og nokre av Skjåk sine fine fjell!

Fråvær:
Tor kjem til å bli bortreist nokre dagar,
frå og med onsdag 12. juli, til måndag 17. juli.
Desse dagane kan han òg vera vanskeleg å nå på telefon.
Alle er vant med at Tor «alltid» er tilgjengeleg, noko han òg ynskjer å vera. Men ei lang reise for å ta eit siste farvel med nokon av sine næraste, kan vera tungt.
Derfor ber vi:
Dersom det ikkje er noko som hastar, ber vi dykk vente med å ta kontakt til han er heime att.
Men dersom det er noko eg (Anna) kan svare på, eller hjelpe med;
ta gjerne kontakt med meg på tlf.: 97553511.

Elles går livet i fjellheimen sin vante gang.
Med snikkering/vedlikehald, både her i området og litt elles. Mellom anna er det nokre som skal montere Jets-anlegg på hyttene sine, og som støttar Skjåk Hytteservice ved å handle gjennom oss. Det set vi stor pris på!
Nokre har fått tankar og anlegg levert på hytta si, andre får etter kvart som det er klart for montering hjå dei.

Den kvite snøen og månen lyser opp…

…sjølv om nettene tek til å bli litt mørkare.

Ynskjer alle ein fortsatt fin sumar !!! 

 

  • * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Pin It on Pinterest

Share This

Del dette

Del innlegget med venene dine: