|
Gåmålt nytt frå hyttservice'n...
Litt av det som har skjedd...
Gåmålt nytt frå år 2009: klikk her...
* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * År 2010:
Vegnamn i Skjåk... Kommunestyret vedtok vegnamna i Skjåk, i møte den 30.09.10. Dette gjeld òg vegnamn i hyttefelt.

I Grotli hyttegrend har det siste helgene vore stor dugnadsaktivitet for å få på plass (sjølvproduserte) vegskilt.

Eg tillet meg å sitere frå Skjåk kommune si heimeside, frå kommunestyremøtet: ”Elles merkar vi oss at vi har fått artige namn som Raudskrubben, Dvergspetten og Jervedrågje.”
 ...her står att litt beising, men det vart gjort like etter at bildet var teke...
Kommunestyret vedtok òg at Rv15 heiter Skjåkvegen, frå Lom grense til Oppljostunnelen. Vegen over Strynsfjellet, Fv258, heiter Strynsfjellvegen (frå Grotli, langs Heillstuguvatnet, over Strynsfjellet).
 Og namnet Saltplassen får vi nytte i omtådet ved krysset Strynsfjellvegen - Kjosvegen
Veglaget i Grotli Hytteforeining utpeika hausten 2009 ein namnekomitè, som kom med forslag på vegnamn. Deira grunngjevnad/forklaring på vegnamna ligg her... ! Namneforslaga vart innsendt til Skjåk kommune for godkjenning!
_ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _
Brubyggjarar i Hamsedalen...
 12.09.10 vart det byggd bru over Hamsa, mellom 1. og 2. vatnet i Hamsedalen. Brubyggjarar var Alfred og Elias Sperstad og Tor Bruland.
 Alfred og Elias testar brua, etter avslutta dugnad! Dei ser godt tilfreds ut!
_ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _
14. mai -10: Trafikkulykke på Rv15, litt aust for Grotli Litt over kl 16 var det kollisjon mellom ein buss og ein personbil, ved Grotli Fjellstue. Om saka i GD her... og NRK Hedmark og Oppland her... Oppdatering i GD, 16. mai, her...
Bilder frå ulykkesstaden:

Mai -10: NB: Sjå opp for rein i vegbana på RV15, Breidalen!
(Arkivbilde) Sjå òg på: Utklyppstavla
"Snøskred over snøfresen" Det skjedde ved brøyting av gamle Strynsfjellsvegen, mellom Videsæter og Tystigen. Les meire her: i FJORDINGEN, av 10. mai.
Nytt, 5. mai -10: Om Måråe Kraftverk: Utklypp frå aviser ligg inne på Utklyppstavla vår. På den sida ligg òg lenke til NVEs nettside, der ein m.a. finn Konsesjonssøknaden.
Frå stikking av løyper til Danskehytta og Torsnos i vinter...

- - - -
Ein fin verdag på Grotli, 3. april -10 Sjå her: GD.no...
GD.no skriv om forhalda i Skjåk-fjella Om stor rasfare, usikker is og lumske sprekkar på isbreane. Les meire på GD.no: 18/3-10: Røde Kors: Ta ingen sjanser! Fryktar liv kan gå tapt i fjellet. 18/3-10: Livsfarleg om dagen. (Biledserie, tekst til høgre for bildet). 17/3-10: Tøffe forhald i fjellet. (Stikking).
HUGS: Ved snøfall og uroleg ver har Mesta nok med å brøyte og halde Rv15 open. Det er ingen garanti for at parkeringsplassane til hyttefolket er/blir brøyta (dei har siste prioritet)!
Økonomisk støtte til skiløyper i Skjåk: No er giro for friviljug støtte til skiløyper utsendt. Dei som ikkje har fått giro, kan like vel gje sitt bidrag til: Skjåk Skiløyper v/ Susanne R. Brenna, Kommunehuset, 2690 Skjåk Konto: 2085 63 65019 På vegne av Skjåk Skiløyper: på førehand - tusen takk!
03.02.10: "Kalde rekordar i Skjåk" skriv GD.no Med Grotli på pallplass...
19.01.10: ! Påminning / informasjon til hyttefolket frå Skjåk kommune, v/ leiar Plan, samfunn og Miljø; klikk her...
! I denne langvarige kulden er det viktig at det står nok varme på i hyttene, dersom noko kan ta frostskade! I tillegg til kulden, er det lite snø til å isolere grunnmur og oppetter veggene.
Lite snø i år!!! Her er samanlikning av snømålet, år 2009 og 2010
 Desse bileta er teke 9. januar i fjor og i år - og "samanmiksa" 9. jan. 2009: ca 145 cm snø (Grotli mest snø av alle målestasjonar i landet) 9. jan. 2010: ca 55 cm snø ...Men det kan koma mykje heretter...
Kaldt! Det nye året starta med ei kaldversperiode. Ved parkeringsplassen / Kjossvingen målte vi den 8. januar -42 grader

! I denne langvarige kulden er det viktig at det står nok varme på i hyttene, dersom noko kan ta frostskade! I tillegg til kulden, er det lite snø til å isolere grunnmur og oppetter veggene.
-42 iskalde grader den 8. januar! Bitande kaldt - og vel så det...
 13. januar: Kl 07 grotli målestasjon: -25,4 grader Ved parkeringsplassen / Kjossvingen: -24 grader 12. januar - Midtvinterdagen: Kl 07 Grotli målestasjon: -25,0 grader Ved parkeringsplassen / Kjossvingen: -28 grader 11. januar: Kl 07 Grotli målestasjon: -26,0 grader Ved parkeringsplassen / Kjossvingen: -30 grader 10. januar: Kl 09 Grotli målestasjon: -28,8 grader Ved parkeringsplassen / Kjossvingen: -31 grader 9. januar: Kl 07 Grotli målestasjon: -31,9 grader 8. januar: -42 grader ved parkeringsplassen i dag tidleg! Kl 09 Grotli målestasjon: -37,6 grader 7. januar: Kl 10 Grotli målestasjon: -39,5 grader (min.temp. -39,8 gr) 6. januar: Ved parkeringsplassen var det i dag tidleg -38 grader. Ellers var det både i går og i dag rundt -30 grader i Grotli-området.
Nyttårsfeiring i Grotli hyttegrend...
"Vardebrenning" oppe i lia, på sørsida av Måråa

Sosialt samver ved Gapahuken

|
![]() |
NYTT FRÅ GROTLI og hytteområder i Skjåk, i media finn du på: "Utklyppstavla"
...........................................
Div. vedtekter, skriv og informasjon frå Skjåk kommune ligg her....
...........................................
Kvar månad har idèbladet hytteliv ein presentasjon av ei hytteforeining. Desember -10 kunne vi gratulere våre naboar i vest: Breidablikk hytteforening !!!
 Så "løp og kjøp" bladet når det kjem i salg... (nr 11, 2010)! (...eller ta ein tur inn på "utklyppstavla" vår... Der ligg presentasjonen som pdf-fil)
Lenke til: Breidablikk hytteforening
............................................
Til hyttefolk ved Grotli og i Hamsevika (Breidablikk)
Frå Skjåk kommune, v/ Skjåkprosjektet, har vi fått dette skrivet:
- Nymerka stigar 2010 i Hamsevika og Grotli
Samt - Kart over turstigane i området Dette kan / bør andre enn hyttefolket nytte seg av òg!
Anbefaler òg Skjåk kommune sin: 
............................................
SNØMÅLINGAR, Grotli Frå Meteorologisk institutt sin offisielle målestasjon på Grotli.
 Snødjupta måles med ekkolodd. Snølista kan du sjå på Yr.no Heile lista for Grotli i vinter, finn du i hyttebloggen vår.
...........................................
OPPKØYRDE SKILØYPER Grotli- og Nysetra- området.
 Informasjon om oppkøyrde skiløyper finn dykk ved å klikke: SKILØYPER
Løypekart, Grotli-området ligg her...
"Fysak"
 Kasser med bøker, der du skriv namnet ditt, er plassert ved bommen ved Heilstuguvatnet og løypetraseet på Nysetra.
Friviljug løypebidrag: Oppfordring frå Skjåk Skiløyper Finansiering For å oppretthalde ordninga blir bedrifter, bygdafolk, hyttebrukarar og andre som er glade i natur og skigåing, oppfordra til å gje eit bidrag til løypekøyring. Vi er takksame for alle små og store bidrag. Betaling er ei friviljug sak, men vi håpar likevel mange vil støtte tiltaket.
Send ditt bidrag til: Skjåk Skiløyper v/Susanne R. Brenna, Kommunehuset, 2690 Skjåk, Konto 2085 63 65019.
Spørsmål om ordninga: Tlf 61217028 eller 48008160. ------------
*******
Aktivitetar i Skjåk: Eigne nettsider: -"Aktiv i Skjåk" Om diverse aktivitetar i Skjåk, - M.a. oversikt over turar, arrangert av Skjåk Turlag.
- iSKJÅK "På tur i Skjåk", om merka turstigar, natur, kultur, reiseliv m.m.
- NMK Skjåk med Gokartbane i Botn v/ Pollfoss. - Gokart utleige! - Sjekk heimesida deira for meir info.!
 Oversiktbilde av gokart-bana.
- Skigruppa i Skjåk IL
*******

Til startsida:
På toppen av alle sidene våre, oppe til venstre, er denne logoen:

Den kan du klikke på, for å koma attende til startsida
*******

Klukkargarden Disain© 2007
|