Tor Bruland, 2690 Skjåk  Tlf.975 53 510 post@skjaakhytteservice.no                    

 

 

Gåmålt nytt frå hyttservice'n... 

Litt av det som har skjedd i år 2009...

                            Gåmålt nytt frå åra 2007 og 2008: klikk her...


* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *


STRAUMBROT 18. - 21. desember 
Fredag 18. des., ca kl 19, vart det straumbrot frå Pollfoss og vestover. Frå Pollfoss t.o.m. Grotli vart det OK att, ca kl 22.
Straumen var framleis ute frå og med Grotli Skitrekk og vestover.
Sundag 20. des.:
Hyttene vest for parkeringsplassen i Breidablikk (opp for Brøytestasjonen) fekk att straumen.
Hyttene aust for parkeringsplassen og Hamsevika var framleis utan straum.
Feilen vart retta 21. desember, og alle fekk da straumen attende.
      Vi takkar Skjåk Energi for god informasjon, og godt samarbeid!!!   
 

- - - - - - - - - - - - - - - - -

69 1/2 år etter...     

Den tyske Heinkel-piloten Horst Schopis, 97 år gamal, var i dag (15. oktober) inne ved Heilstuguvatnet, der han naudlanda 27. april 1940.   


I forbindelse med opptak til ein dokumentar av hendinga, var fotografar og Horst i Grotli-området. Are Bergheim er med som kjentmann.


Her ved informasjonsmerket om hendinga. Horst heilt til høgre i bildet, saman med Are Bergheim.

----------------------------------------------------------------


Bussulykke på Rv 15, ved Billingen tysdag, 29.09.09.

Sjå
GD.no   
 
----------------------------------------------------------------


!  Informasjon frå Skjåk kommune
til hytteeigarar i Skjåk

Ein del skriv er samla her...

-------------------------------------------------------------------


Planprogram for rv. 15 over Strynefjellet til offentlig ettersyn
finn ein her: Statens vegvesen  

-------------------------------------------------------------------

Breheimen nasjonalpark vart opna 14. august -09.
Dette kan du lesa meire om her:
14/8-09: GD.no    
13/8-09: GD.no   
11/8-09: Fylkesmannen.no  

-------------------------------------------------------------------


Salting av hyttevegar, Grotli.





Hyttevegane vart salta for å unngå støvplager.










Rart...??     Campingskipvogn...??   

Er dette "Askeladden og dei gode hjelparane" sitt skip, som går like godt til lands som til vanns og i lufta med?
Eller er det Kaptein Sabeltann som er på gjennomreise...?
Denne "doninga" vart observert på Grotli...


I juli fekk vi ein del regn, regn...              21.07.09

Nesten 38 mm i løpet av ca 1 1/2 døgn...


NYSNØ....!
2. - 3. juni -09
Kl 08 om morgonen den 3. juni såg det slik ut:   

Ca 5 cm nysnø, -0,3 grader...

Ein sjokkert nellik gløttar fram...
"Tiddelibom - i juni" skriv GD.no, klikk her...

FRÅ PRIMSTAVEN:
3. juni: ”SKOKLEFALL” (”RASMUSDAGEN”)
- Sumaren skal bli god, dersom det kjem snø i skoklefall.
- ”Snø i skoklefalle, er like godt som sau-talle (saue-gjødsel)”, heitte det.
Om ikkje anna - det lovar bra for sumarveret...!


Firfisle, vårteikn på Grotli...?

Denne vart, den 02.05.09, observert opp for Grotli Skitrekk,
innover mot Tafjordfjella - ca 1100 m.o.h.
Sjeldan observasjon her oppe.
(...men den overlevde ikkje møtet med fotografens hund...)


Ved innkøyringa til H2, Grotli.                   14.05.09


Ved innkøyringa til H2, Grotli.                   29.04.09

Snømålet her viser ca 1 m.


Stikking av turløyper
Turløypa frå Grotli til Danskehytta, og over Viksvatnet, Torsnos til Veltdalen
vart stikka 10.03.09.

Her frå oppstiginga til Torsnos.
                                 (fleire bilder frå turen i fotoalbumet for mars)


Grotli skitrekk opna laurdag 14. februar
Skitrekket vil gå kvar helg framover.
Veravhengig! Sjå meir info. på Grotli si heimeside.

Fleire bilder frå skitrekk-området i fotoalbumet for februar 
(sjå meny oppe til venstre på sida her).

20.02.09: Vi gratulerer Grotli Høyfjellshotel med NY heimeside!
Sjå "Lenker" på menylista oppe til venstre her...


Vinterens djupaste snømåling var den 31.03.09...

Snømålet ved H2 viste ca 185 cm, den 31. mars -09.
Målestasjonen på Grotli viste 146 cm.


Kolonnekøyring og sterk kuling på Strynefjellet...   (31.03.09)
Det siste døgnet har vore prega av snø og vind!
Rv15 over Strynefjellet har vore kolonnekøyrd det meste av tida. Breidalen klimastasjon viser at det til tider har vore registrert opp i sterk kuling.

Vimpelen på balkongen vår har "peika" meire opp enn ned...



Breheimen nasjonalpark                    

Forhandlingane om Breheimen nasjonalpark nærmar seg slutten.
Slik planane ligg føre, vil grensa gå langs Måråa og hyttefeltet her i Grotli.
Heile verneplanen for Breheimen finn du på Fylkesmannen si heimeside,
klikk her...
Tysdag var det ope informasjonsmøte i Skjåk.
I GD kan du lesa frå møtet: GD.no

Utdrag av kart, Breheimen (her Breidalen / Grotli / Strynefjellet).

Heile kartet finn du på sida til Fylkesmannen, sjå lenke oppe på sida her.
                                                     (lagt inn 06.02.09)



GROTLI mest snø!    (23.02.09)
Snølista frå Meteorologisk institutt, viser at Grotli er på "snø-toppen" att!
Det kan du òg lesa om på GD.no

Snømålet ved H2, den 23. februar -09.

Her viser snømålet 1,70 m snø!


GROTLI mest snø!    (12.01.09)
Snølista frå Meteorologisk institutt, viser at det er Grotli som no har mest snø!
På tross av mildver dei siste dagane, ligg vi på topp!
8. januar: 110 cm, 9. jan.: 104 cm, 10. jan.: 100 cm, 11. jan.: 99 cm snø.
Lista, på yr.no, her...


"Minst nedbør - nå på snøtoppen"
skriv GD om Grotli, den 21.01.09.
Sjå her: GD.no.


Men...
Tønsberg Blad må vel ha missforstått snølista på Yr.no, når dei den 19. jan. skriv dette, sitat:
"...I går falt det hele 48 centimeter snø i Larvik. På andreplassen kom Stokke, som kunne notere 43 centimeter. Til sammenlikning: på Grotli i Skjåk kommune i Oppland falt det 90 centimeter …"
her...


12.01.09:  Rv 15 over Strynefjellet stengt  
Ei steinblokk datt ned i Grasdalstunnelen i natt. Fjord 1-buss køyrde inn i steinblokka, men ingen vart skada!
Les meire på GD.no.
...og her: ...GD.no. 






 

Aktuelt;



Om år 2009 på Grotli:
Kaldast: 18. desember, -35,1 grad
Varmast: 29. juli, 24,7 grader
Mest snø: 31. mars, 146 cm
(alle notat frå Grotli målestasjon, på Yr.no)


   FYRVERKERI / RAKETTAR  
Grotli Hytteforeining har på grunn av brannfaren, og av omsyn til dyra, oppmoda om å ikkje bruke fyrverkeri / rakettar.
Skjåk Hytteservice sender herved oppmodinga vidare...
Vi ønskjer alle ei triveleg nyttårsfeiring!!! 








Webkamera på Grotli
vart montert 18.03.08.
Klikk deg inn frå menyen oppe til venstre!



For å gå attende til startsida:
Klikk logo "Skjåk Hytteservice"
øverst i venstre hjørne.





Skifte av straummålar
på hytter

Skifte av strammålar på hyttene er igang att for i år (2009).
Dei som ikkje har skifta, skal ha  fått skriv om dette frå Skjåk Energi.
I år har vi inga avtale med Skjåk Energi om å vera med, da dei har satt jobben bort til firma Proel. 
Dei som ønskjer at vi låser opp hyttene for dei (der vi har nøkkel), må gje beskjed både til Skjåk Energi og til oss.
Der vi ikkje har avtale om sumartilsyn, må vi dessverre ta litt betalt av hytteeigar.



...........................................


SNØMÅLINGAR, Grotli  
Frå Meteorologisk institutt sin offisielle målestasjon på Grotli. 

Snødjupta måles med ekkolodd.
Snølista kan du sjå på 
Yr.no
   
Heile lista for Grotli i vinter, finn du i hyttebloggen vår, under kategorien
"Snømåling, vinter 2008/2009..."


...........................................



Utsikt frå vårt webkamera...

Den 18.01.09
, kl 1455

Her er det uver og kolonnekøyring!

Den 19.01.09, kl 1455




...........................................


Ny vasspost i H4, Grotli

Den nye vassposten er nå ferdigmontert og kobla (07.11.08).

Vasspostane, Grotli
Skjåk Hytteservice har inngått ny avtale med Skjåk Almenning om tilsyn av vasspostane.
Oppstår det feil eller manglar, kontakt Skjåk Hytteservice,
tlf.: 975 53 510

...........................................















 OPPKØYRDE  SKILØYPER  
Grotli- og Nysetra- området.

Om vinteren finn du informasjon om oppkøyrde løyper i området, på startsida vår.



"Fysak"

Kasser med bøker, der du skriv namnet ditt, er plassert ved bommen ved Heilstuguvatnet og Måsåbakkane.


Friviljug løypebidrag:
Oppfordring frå Skjåk Skiløyper
Finansiering
For å oppretthalde ordninga blir bedrifter, bygdafolk, hyttebrukarar og andre som er glade i natur og skigåing, oppfordra til å gje eit bidrag til løypekøyring. Vi er takksame for alle små og store bidrag. Betaling er ei friviljug sak, men vi håpar likevel mange vil støtte tiltaket.

Send ditt bidrag til:
Skjåk Skiløyper
v/Susanne R. Brenna, Kommunehuset, 2690 Skjåk,  Konto 2085 63 65019.

Spørsmål om ordninga:
Tlf 61217028 eller 48008160.
               ------------










                *******



Skjåk kommune, des. -08:
Advarer mot ulovleg bruk av fyrverkeri...


NYTTÅRSRAKETTAR / FYRVERKERI
Skjåk Hytteservice vil på grunn av brannfaren oppfordre alle hyttefolk om å vise hensyn med bruk av rakettar / fyrverkeri.
Grotli Hytteforeining har tidlegar oppfordra om å ikkje bruke rakettar / fyrverkeri på hytta.
Mange attendemeldingar på dette er at folk set pris på det. Mange reiser på hytta med hundane sine nyttårshelga, for at det der er rolegar.
Slik håpar Skjåk Hytteservice at det blir i åra framover òg.
Kva med å la nyttårsfeiring på hytta bli ein "annleis" oppleving?



                *******



Til startsida:

På toppen av alle sidene våre, oppe til venstre, er denne logoen:





Den kan du klikke på, for å koma attende til startsida



                *******


Kalender

I fleire år har vi fått laga kalender, som vi har brukt som julehelsing til våre faste kundar.
Bilda frå dei siste kan du sjå her...
...eller i fotoalbumet, på menylista oppe til venstre.






 Klukkargarden Disain© 2007