975 53 510 (ikkje SMS) - For større tekst: Klikk CTRL+ post@skjaakhytteservice.no
Haust vart til vinter…

Haust vart til vinter…

Vi er i ferd med å legge oktober 2017 bak oss. Når vi gjekk inn i denne månaden, var det ikkje mykje att av dei fine haustfargene vi hadde i september.
Nysnø på toppane fekk vi òg…

Kan ikkje påstå at vi «aldri» har hatt finare haustfarger enn i år – men at dei var ekstra fine i år – det vågar eg å påstå.

Eg tek med nokre bileter, av årets haustfarger…

– Treng ikkje å gå lenger en litt utom hytteveggen…

I mine daglege oppdateringar under kategorien «Vêret i dag» har eg lagt ut ein del bilder av haustfargene.
Også på FB-sida til Skjåk Hytteservice.

– Breidalen, mot Oppljoseggje…

Det har ikkje vore mykje blogg-skriving dei siste månadene…
Men med fleire webkamera og vêrstasjonar, reknar eg med at dei fleste finn den info. dei treng, når det gjeld vêr og vêrforhold. Når ein lever eit stille liv, utan store utflukter, blir det ikkje så mykje «nytt» å skrive om.

– Også i haust tok eg fleire turar til Glåmbakktjønne…

Dora og eg har våre daglege lufteturar, men det blir stort sett i nærområdet. Fotoapparatet er også med, og på nokre av turane våre har eg hatt med eit gamalt bilete eller postkort. Har fått tilfredsstillt litt av hobbyen min, med å finne att «fotspora» til fotografar som har vore her før. Nokre har interesse av desse «før og nå» -bileta, men får ta det i eit eige innlegg – etter kvart.

– Fleire turar oppover Strynsfjellvegen, og innover langs Heillstuguvatnet…

– Eftastur til Kjostjønne…

Godt å sjå attende på fine haustfarger, utover vinteren…

I slutten av førre veke, tok vêrmeldingane, og media, til å melde om mykje nedbør og vind i helga som var. Litt spennande, når meldingane ligg på ca 0°. Vi ser svært ofte at det blir litt kaldare enn meldingane tilsi. Det vart litt regn og sludd, men også snø! Det meste kom i løpet av laurdag og sundag. Ved hytta vår hadde vi ca 20-25 cm sundag morgon. Måndag morgon hadde vi 48 cm. Meteorologisk institutt sin målestasjon registrerte 33 cm. Men heilt normalt at det brukar å vera meire snø her høgare oppe og lenger vest.
I dag har det vore litt regn og sludd, snøen ved snømålet ved Strynsfjellvegen (ved innkøyring til H2) hadde sokke til ca 30-32 cm no i kveld.

Mellom tette snøbyger laurdag, gløtta sola fram…

…Vuluvatnet ved Nysetra.

At vinteren kjem i oktober, her på fjellet, er nok heilt normalt. Nok at ein ser attende dei 10 siste åra, som viser at det er berre 2 av desse åra det ikkje har lagt seg snø, over fleire dagar, i oktober. Etter at det vart hytter her (1990), er det minst 4 år det har lagt seg så mykje snø at det ikkje har vore mogleg å køyre til hyttene frå slutten av oktober.

No går det litt om senn til ein kan ta fram skiene og nyte snøen og skiturar, noko ein del ser fram til. Nokre har allereie hatt sesongens fyrste skihelg på hytta.
Eg for min del skal gjerne «styre meg» nokre veker til…

Ha ei fin tid framover!

* * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Pin It on Pinterest