975 53 510 (ikkje SMS) - For større tekst: Klikk CTRL+ post@skjaakhytteservice.no
Ein for alle – alle for ein.

Ein for alle – alle for ein.

Det kjennes litt haustleg ut. Juli vart ikkje så varm som vi hadde håpa på, og varmen vi drøymde om å få i august – den har også uteblitt. Slik har det vel, stort sett, vore over «det heile».

Men – i dag er det ikkje vêret som opptek meg mest.
Blir berre så frustrert over å sjå, og erfare, kor nyttelaust det er, det ein driv på med!
Ein del «hungrar» etter informasjon (sjølv er eg ein av dei), medan andre let att auger og øyro, og vil gjera som dei sjølve vil. Enkelte gonger kan ein lure på om folk har lese forskrifter, bestemmelser, vedtekter, lover og regler…
Ein del ting får vi spørsmål om, ein del anna blir vi bett om å informere om. Vi prøvar å informere så godt vi kan. Det kan føre til at nokon skuldar oss for å vera «overvakings-politi».

Det siste no er (nok ein gong) søppelcontainerane!
Kor mange gonger det har vore tema – det veit eg ikkje! Men det ser ut til at folk stadig «gløymer» kva dei skal brukast til – eller rett og slett «gjev blanke f**». Det blir stadigt lagt ting i containerane som ikkje høyrer til der! Noko som går ut over alle brukarar som betaler renovasjonsavgift på hyttene sine.
– Arkivbilete frå september 2015. Men – har vi lært på desse åra…? 

Skjåk Hytteservice har tilsyn med søppelcontainerane som er til bruk for hyttefolket, på strekninga Billingen – Breidalen (Breidablikk). Det vil si: mellom anna sjekke når det er tid for tøming, og på vinteren rydde bort snø.
Dette gjer Skjåk Hytteservice for Skjåk kommune. Dermed er det også naturleg at dei ber oss ta ein del av informasjonen vedr. containerane.

Slik oppslag, eller lignande, er det på alle containere:

«Ein for alle – alle for ein»
Eg forstår godt at renovatøren går lei av å lempe ting, som ikkje høyrer til i ein container, ut av containeren! Noko som også fører til ekstra turar for henting/levering – som på nytt kan føre til auka renovasjonsavgift, – for alle.
No er det slik at ein av containerane i Grotli Hyttegrend ikkje blir tømt før ein stor TV som ligg der blir fjerna!
Eigaren av TV’n bør/må snarast fjerne den, og ikkje la andre ta «støyten»!
Kjedeleg at renovatøren må gå til slike tiltak, men vi får håpe at folk lærer, før det same blir iverksatt ved fleire containere!
Uansett kva tiltak som blir gjort – så lenge folk ikkje lærer, går det ut over alle!
Det blir «ein for alle – alle for ein», om ein føler det er rettferdig eller ikkje…

Håpar det er siste gongen vi behøver å ta opp dette tema!

No vil vi heller nyte siste rest av ein (eventuell) sumar!

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Pin It on Pinterest