975 53 510 (ikkje SMS) - For større tekst: Klikk CTRL+ post@skjaakhytteservice.no
Midtsommar? Nå?

Midtsommar? Nå?

Nei – eg nektar å vera med på at det er midtsommar nå! Her i innlandet, og særleg her på fjellet, er det ikkje mykje sommar å sjå/føle før ved St. Hans-tider. Men ein ser at nå til dags er det mange som kallar St. Hans for midtsommar…

Eg likar å ha trua på Primstaven: – Midtsommar er midt mellom sommardagen (14. april) og vinterdagen (14. oktober).
Dermed er det framleis tre veker til midtsommar (14. juli), og framleis håp om sommar – også her i fjellheimen!

Her på fjellet er det ikkje langt til snøfonnene. I dag var det jamvel nysnø på toppane.
Rett nok har det smelta mykje snø den siste tida, og mindre snø i hytteområdet i år enn det ofte har vore før om åra, denne tida. Lauvet på bjørka er friskt og grønt. Mellom anna på grunn av at vi ikkje har hatt nattefrost sidan 4. juni. Når ein ser attende på tidlegare år, ser ein at det er «unormalt». Men det bør nok ikkje koma som eit sjokk, dersom vi får nattefrost seinare denne månaden…

Strynsfjellvegen
Innover fjellet er det framleis ein del snø, og store snøfonner.

Slik såg det ut i Abrahamsfonne, når dei opna Strynsfjellvegen den 16. juni.

Grensesteinen, som markerar grensa mellom fylka Oppland og Sogn og Fjordane, var ikkje lett å sjå.

Frå tidleg i dag, og fram til i morgon kl 10, er fv 258 Strynsfjellvegen stengt, på grunn av vedlikehaldsarbeid. Det var ein del hol og is/blaudt i vegbana, når dei opna sist fredag.

Kvardagen…
For hyttesørvic’n er vel det meste som vanleg: litt på etterskot. Når det tek til å vårast, er det så mykje som bør gjerast her på fjellet òg, i tillegg til at Tor jobbar fulle dagar nede i bygda…

Men vi bør òg merke oss positive ting. Noko er tidleg i år.
– Hyttevegane vart delvis brøyta, slik at det vart køyrbart til dei fleste hytter allereie den 2. juni i år! Det er «mot normalt» tidleg! Ingen kan koma å si noko anna! Eg har notert når det har vore mogleg å køyre til vår hytte dei siste 24 åra, av desse er det kun 5 år det har vore mogleg å køyre tidlegar enn 2. juni! Og vår hytte er nok ikkje av dei det er sist køyrbart til.
– Sommarvatnet er òg påkobla i hyttegrenda, noko hyttesørvic’n har gjort, sjølv om sommarvatn ikkje er med i vassavtala.
NB: Gje beskjed dersom det blir oppdaga vasslekkasjer!
– Eit anna sommarteiken er at avfallsconteinarane for hushaldningsavfall er fløtt inn i hyttefelta att. Som Skjåk kommune minna oss på i fjor: Hugs at dei skal IKKJE brukast til grovavfall !!
Skjåk Hytteservice er forhandlar for Jets toalettanlegg, og også i år er det nokre hytter som skal montere slike anlegg. Nokre tankar er bestilt og kome til fjells. Toalettanlegga blir bestilt etter kvart som det er klart for montering.
Kan òg nemne at nå har vi fått inn att fiskekort, som vi sel for Skjåk Almenning.

Eit fiskekort som gjeld for fiske i elver og på vatn i heile bygda.

Solsnu.
At sola «snur» i morgon – det er ikkje til å koma forbi. Etter kvart blir desse lange, ljose nettene kortare. Til gjengjeld får vi håpe på varmare dagar – og mykje sol! Sola har vi ikkje sett mykje til i det siste. I staden har vi hatt ein del gråvêr med regn og vind…

Men når sola gløttar fram ei lita stund…
…da kjem håpet om sommar – og optimisten planta blomar i år òg!

Ynskjer alle ei fin St. Hans-helg – og ei fin tid framover!

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Pin It on Pinterest