975 53 510 (ikkje SMS) - For større tekst: Klikk CTRL+ post@skjaakhytteservice.no
Naturen er i rute…

Naturen er i rute…

Ein kan vel si at naturen er i rute – slik midt mellom sein og tidleg vår.
Steinar kjem fram or snøen, haugar med forhaldsvis lite snø, er blitt til barflekkar.
Mai har (hittil) vore mild, ser og kjennes det ut til. På Grotli målestasjon har snødjupna gått ned med 79 cm frå 1. mai til i dag 24. mai. Men i år var det òg ein del å ta av, og det ligg framleis mykje snø i terrenget.
Den som ynskjer kan nok framleis ta seg skiturar.


Men vårfornemmelsen er her! Med ljose kveldar, elvesus, fuglekvitter og jamvel gauken fekk vi høyre for fyrste gong i år den 19. mai.

Brøyting av Strynsfjellvegen.
Som vi vart informert om på påskemøtet, skulle Statens vegvesen brøyte eit stykke oppover i byrjinga av mai i år (sjå referat frå påskemøtet på heimesida til Grotli Hytteforeining).
Den 8. mai kom Mesta med snøfres og brøytte opp til Saltplassen.
I dag (24. mai) fekk vi denne gledelege meldinga:

INFORMASJON, 24. mai 2017:
Statens vegvesen og Mesta gjev hyttefolket lov til å køyre gjennom «raudbommen», og oppover til Saltplassen.
Men det er på EIN betingelse:
Bommen skal letast att, når nokon har køyrd gjennom!!! 

Det er KUN hyttefolket i Grotli Hyttegrend som får nytte seg av denne moglegheita!
Det vart ikkje sagt noko vedr. parkering.
Hyttevegane er ikkje køyrbare!

– Slik såg det ut oppover Strynsfjellvegen i går, 23. mai. 

Da vart det ein liten rapport frå meg i dag. Det blir stort sett vêret ein har å rapportere om, men med daglege notat i «Vêret i dag», fleire vêrstasjonar og webkamera i området, held nok dei fleste seg oppdatert sjølve.

No må vi berre nyte denne fine tida!

Det blir heilt sikkert sumar i år òg – vi må berre gje den litt tid…!

Framleis ventar ein på at vegen til Geiranger skal bli opna.
Kryssar òg fingrane for at Fv 258 blir opna frå vest til Stryn Sommerskisenter til den 1. juni, slik at skisenteret kan opne som planlagt, frå 1. juni!

Her er eit bilete som Tor tok i gårkveld, ved Heggebott-vatnet, på ein tur arrangert av Skjåk Turlag.
Skjåk Turlag arrangerar fleire turar – det er berre å «henge seg på».

Minner òg om at laurdag 27. mai arrangeres Flåklypa Grand Prix i Lom/Skjåk.

Ynskjer alle ei GOD HELG!

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vårteikn – frå år til år…

Vårteikn – frå år til år…

Etter fleire månader med snø og vinter, ser ein etter vårteikn, også her på fjellet.
Men tida for vårteikna varierar frå år til år, her som elles rundt om i landet. Litt spennande å sjå det òg…!
På webkamerabileta her i Grotli hyttegrend, har eg merka meg ein stein som kjem fram, når snøen tek til å minke om våren. Hittil har det variert med omtrent ein månad, frå år til år.

År 2010:
stein 100516
Kom fram: 16. mai
Snødjupn Grotli målestasjon denne dato: 47 cm

År 2011:
stein 110429
Kom fram: 29. april
Snødjupn Grotli målestasjon denne dato: 69 cm

År 2012:
stein 120523
Kom fram: 23. mai
Snødjupn Grotli målestasjon denne dato: 62 cm

År 2013:
stein 130509
Kom fram: 9. mai
Snødjupn Grotli målestasjon denne dato: 54 cm

År 2014:
stein 140514
Kom fram: 14. mai
Snødjupn Grotli målestasjon denne dato: 57 cm

År 2015:
stein 150516
Kom fram: 16. mai
Snødjupn Grotli målestasjon denne dato: 66 cm

År 2016:
stein 160512
Kom fram: 12. mai
Snødjupn Grotli målestasjon denne dato: 45 cm

Oppdatert
År 2017:
stein 170519
Kom fram: 19. mai
Snødjupn Grotli målestasjon denne dato: 57 cm

Ein annan ting
som det er interessant å fylgje med på, er: når fyrste dag med snødjupn på 0 cm. Slik som vart mogleg å registrere, etter at Meteorologisk institutt monterte målestasjon på Gamle-Grotli. Ein veit at når ein kjem høgre opp, ligg det framleis att ein del snø…

Fyrste dag med 0 cm snødjupn på Grotli målestasjon.
År 2009: 17. mai.
Slik såg det ut ved Grotli høyfjellshotel denne dato:
20090517

År 2010: 28. mai.
Slik såg det ut ved Grotli høyfjellshotel og i Grotli hyttegrend denne dato:
20100528   100528

År 2011: 26. mai.
Slik såg det ut ved Grotli høyfjellshotel og i Grotli hyttegrend denne dato:
20110526   110526

År 2012: 9. juni.
Slik såg det ut ved Grotli høyfjellshotel og i Grotli hyttegrend denne dato:
20120609   120609

År 2013: 28. mai.
Slik såg det ut ved Grotli høyfjellshotel og i Grotli hyttegrend denne dato:
20130528   130528

År 2014: 25. mai.
Slik såg det ut ved Grotli høyfjellshotel og i Grotli hyttegrend denne dato:
20140525   140525

År 2015: 8. juni.
Slik såg det ut ved Grotli høyfjellshotel og i Grotli hyttegrend denne dato:
20150608   150608

År 2016: 25. mai.
Slik såg det ut ved Grotli høyfjellshotel og i Grotli hyttegrend denne dato:
20160525   160525

Spennande å sjå korleis det blir i år, 2017. Pr. i dag (10. mai) har vi meire snø enn noko av dei tidlegare åra.

 

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

«Kom mai – du skjønne milde…»

«Kom mai – du skjønne milde…»

Vi har lagt bak oss ei «knall-helg» og ein strålande 1. mai!
grotli 1. mai -17
Når sist hadde vi slikt vêr, og slike snøforhold, denne tida på året?
Dei som ikkje var til fjells denne helga, dei gjekk glipp av noko av det finaste som fjellheimen kan by på! Det er ikkje så ofte den viser fram denne sida av seg – dag etter dag!
skiløype grotli heillstuguvatnet
Sjelda fint skiføre, kunne dei som var ute på ski rapportere. Frå Grotli Skiheiser vart det òg meldt om fine forhald, på denne sesongens siste opningshelg.
Når ein såg vêrmeldingane tidleg i veka, hadde eg faktisk rekna med at enno fleire fann vegen til hytta og fjellheimen – sjølv om ein heil del gjorde det.
grotlivsaarunda 30.04.17
Når det tek til å bli kvitt om hausten, er det så mange som ser fram til hytteturar, og lange fine skiturar. Høvet var her denne helga!
gamle grotli skiløype 30.04.17

Mai – vårmånaden på fjellet.
April var nok ingen vårmånad i år, noko den heller ikkje brukar å vera.
Ikkje kvart år vi får så mykje nedbør i april, som i år. 88,0 mm nedbør, og det meste kom som snø.
skiløype grotli heillstuguvatnet mastrunda
Stort sett brukar snødjupna å gå ned i løpet av april, men i år auka den. Rett nok med berre 1 cm i alt, frå den 1. april til den 30. april – men når ein ser at andre år har den minka med opp til 82 cm denne perioda…
skiløype grotli grotlivassrunda grotlivatnet
Blir spennande å sjå framover, om det blir sein vår i år. Ser ein på snødjupna, kan det tyde på minst like sein vår som i 2012 og 2015, som hadde henholdsvis 102 cm og 99 cm den 30. april. I år hadde vi 109 cm (alle mål frå Meteorologisk institutt sin målestasjon, Grotli).
breidalsvatnet breidalen grotli 01.05.17
Men – dette kan endre seg, dersom vi får ein fin og mild mai! Men vi ynskjer heller ikkje brå-varmt – rask snøsmelting kan føre til flaum…

Linerla
har i alle fall varsla at det går mot vår!
linerle, arkiv frå 29.04.14Den vart observert i Grotli den 29. april. Like eins fevrel (sommarfuglar). Linerla har vore observert for fyrste gong, både tidlegar og seinar, før om åra.
Og haren tek til å få mørke flekkar – det same gjer rypa.
Vi har trua – det går mot vår og sumar i år òg!

…Her var nokre bileter frå helga vi har lagt bak oss, og korleis det har vore i området.
Vêrmeldingane for denne veke, og komande helg, ser òg bra ut – så langt…

Ha ei fin vår-veke !!! 

grotli strynsfjellvegen skjåkfjell 01.05.17

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Pin It on Pinterest