975 53 510 (ikkje SMS) - For større tekst: Klikk CTRL+ post@skjaakhytteservice.no
Slik var påska 2016…

Slik var påska 2016…

Da er det like før påska 2016 går over i historia!
Den blir nok ikkje hugsa som påska med strålande sol og solforbrenning… I media ser eg at den heller blir oppsummert som påska med fleire skader og leiteaksjonar, men også meire folk, enn dei siste åra.
Sett frå Skjåk Hytteservice si side, kan det virke som om det har vore mindre belegg på hyttene i området i år, enn dei siste åra. Færre transportoppdrag, og god plass på parkeringsplassane.

Sjølv om årets påske ikkje kunne by på det aller beste påskevêret, var dei fleste dagar med solgløtt og bra utevêr…
påske uteliv – Kopi

Men den likaste dagen var nok onsdag før skjærtorsdag…
løypekøyring teigahytta mårådalsmunningen – Kopi– løypekøyring til Teigahytta ved Mårådalsmunningen –

Jerven har nok òg vore på påsketur…
jervespor – Kopi

Etter vêrmeldingane skulle det bli sterk vind og uvêr frå påskeefta.
Det vart plussgrader, regn og vind! Ein vindmålar her i hyttegrenda registrerte ny «personleg rekord» for i vinter, natt til 1. påskedag. Vêrstasjonen og vindmålaren min, som har vore montert i ei bjørk her ved hytta i mange år, måtte gje etter for vinden, og krasjlanda natt til 1. påskedag…sterk vind – Kopi

Vi må vel innrømme at påska i år var litt spennande…
Tidleg på sumaren i fjor tok Tor til å kjenne at eine foten ikkje var heilt god. I haust måtte også han innsjå at han laut oppsøke lege. Etter undersøkingar og røntgen vart det konstatert at eine hofta er heilt utsleten. Han fekk tilbod om operasjon like før påske – men det hadde han sjølvsagt ikkje tid til, når det var den mest hektiske tida på året! Dei dreiv med snikkering av ei hytte som skulle vera ferdig til påske, pluss ein del andre oppdrag før påske. Og ikkje minst: sjølve påska!
Hytta som skulle vera ferdig vart ferdig. Dei andre oppdraga fekk han òg utført. Og med full innsats av alle hytteservice-karane gjekk påska bra! løypekøyring strynsfjellvegen – Kopi

Neste tilbod om operasjon må han nok berre «ta seg tid til», sjølv om han håpar å rekke å få gjort ein del på «vinterlego-huset» vårt fyrst. Det har blitt nedprioritert no i vinter. Dersom det ikkje rekk å bli bart før operasjon, får vi berre flytte ned i bygda att, medan vi ventar på sumaren…

Framleis skiføre!
Det vart snø og skiføre til overs etter påska i år òg.snødjupn 28.03.16 – Kopi98 cm, og i skrivande stund kjem det påfyll av snø. Og med tanke på neste års påske, er den tre veker seinare enn i år.
Vi skriv framleis berre mars – det kan bli mange fine dagar og helger med ski og skiturar framover! Her på fjellet kjem nok ikkje våren før i mai i år heller…

Takk for ei fin og triveleg påske!!!

påskeoppdrag – Kopi

* * * * * * * * * * * * * * *

Påska er like om hjørnet…

Påska er like om hjørnet…

Dei siste dagane har vi hatt reine «påskevêret» her på fjellet! Vi får håpe at vêrgudane har spart litt finvêr til påska òg. Men dessverre – på vêrmeldinga for komande veke er det ikkje sol-symbolet som dominerar, slik vi ynskjer at påskevêret skal bli…
breidalen

Hytteservicen
har gjort ein del påskeførebuingar som har vore bestillt, slik som måking av snø, sette på straum på hytter, levere ved o.l. Og i efta kjem det forsterkning til hytt’sørvicen – av både to- og firbeinte. Frå og med fredag er vi minst to personar som kan ta varetransport med snøscooter – til tider tre personar. Dei som skal til hytte i Grotli kan gje beskjed ca 10-15 min. før berekna ankomst. Dei som skal ha transport til hytte i Breidablikk- / Nysetra-områda gjev beskjed ca 1 time før berekna ankomst, da ein må rekne med litt «utrykkingstid» frå Grotli (der vi har «basa» vår).
Håpar at dette går greit i år òg, og at det ikkje blir alt for lang ventetid. Karane køyrer etter kvart som folk kjem, og får lasta ut av bilen sin.
Nok ein gong må vi minne om:
Ikkje send sms eller e-post om beskjedar vi bør sjå innan eit døgn – men ring!

brøyting p-plass Påskeparkeringsplassen
til Grotli Hyttegrend er oppbrøyta, men mildvêret dei siste dagane har ført til at den er stort sett bar, og ikkje køyrbar med snøscooter. Derfor må ein lesse av bagasjen ved brøytekanten/scooterløypa på p-plassen, og parkere bilen etterpå.

Levering av daglegvarer.
Når det ikkje har lukkast å få påskebutikk på fjellet, tykkjer eg vi har fått ei ekstra god avtale med Bunnpris Bismo i år!
bunnpris – Kopi

Om nødvendig vil dei levere bestillte varer kvar virkedag, på parkeringsplassane! Dette gjeld vestover, heilt til Breidablikk! Som vi skriv i annonsa på FB:

Billingen – Nysetra – Grotli – Breidalen. 
– Gjer det enkelt i år – få påskeprovianten levert på parkeringsplassen av Bunnpris, Bismo – utan ekstra kostnad! 
Varebestilling tlf.: 61 21 43 82, eller mail: bpbismo@bunnpris.no. 
Oppgje namn, adr., mob.nr., kvar vara skal leverast og dag/dato. 
– Dersom vara skal leverast på hytta av Skjåk Hytteservice, må kvar enkelt bestille dette hjå Skjåk Hytteservice, på tlf.: 97553510. 
– Bunnpris Bismo ynskjer hyttefolket ei GOD PÅSKE!

Vi hyttefolket kan nyte dagane, utan å starte bilen for å køyre ned i bygda for å proviantere – eller ein får vara levert, allereie før ein kjem til fjells.

Det er mange som vil oss vel i påska, og ber oss hugse ein del ting.
Lom og Skjåk Brannvesen har bedd oss minne om branntryggleik i påska! I dette skrivet er ein del tips om kva vi skal hugse på på hytta.

Ein del tek gjerne ein skitur innover fjella i områda rundt oss. Det kan gje fine naturopplevingar! M.a. kan ein treffe på rein. Sist veke kunne vi sjå den på sørsida av Måråe, frå hytteområda her i Grotli.
rein ved HeillstuguvatnetVi må hugse at reinen skal ha ro, og må ikkje forstyrrast! Her er eit skriv frå SNO (Statens Natur Oppsyn), med orientering om korleis vi skal oppføre oss i områder der det kan vera rein. Les gjerne heile skrivet!
Eg siterar litt frå skrivet:
– Bruk kikkerten flittig!
– Dersom du oppdager villrein: Trekk deg rolig tilbake den veien du kom fra. Forsøk om mulig å unngå at dyra ”får vær” av deg. Prøv å unngå å bevege deg i siluett.
– Ta gjerne med hunden på tur, men husk og hold den i bånd.
– Dersom du må forstyrre reinen for å ta bilde er det bedre å kjøpe postkort.

Og vi som har hundar har enno fleire ting å hugse på:
– Bandtvang i Breheimen nasjonalpark og Strynefjellet landskapsvernområde (frå 1. mars).
– Utvida bandtvang i Skjåk kommune, som m.a. gjeld skiløyper og hytteområder.
– Fjerne hundemøkka frå skiløyper og vegtrasear.
I påska er det mange hundar i hytteområda. Bikkjer med løpetid kan vera ei ekstra utfordring for dei som har han-hundar…

Elles minner vi om FB-sida vår.
Der legg vi ut bilder og oppdateringar. Sida er offentleg, og alle kan klikke seg inn der for å sjå. Dei som er registrert på FB, og som har/disponerar hytte i Grotli, kan òg be om medlemskap i gruppa «Vi som har hytte i Grotli». Der er det mange som legg inn flotte bilder!

Ein del spør om det er mykje snø.
Til det er å si at for årstida er det lite i år. På Grotli målestasjon var det i dag tidleg målt 81 cm i snødjupn. Etter at snømålinga starta hausten 2008, har det ikkje vore målt så lite den 17. mars før.

skridulaupen 10,03,16

Med dette ynskjer vi alle ei god helg! Og om vi ikkje «talast» før – ha ei strålande påske!

kveldshimmel mot sørvest

Pin It on Pinterest