975 53 510 (ikkje SMS) - For større tekst: Klikk CTRL+ post@skjaakhytteservice.no
Heilt utruleg…

Heilt utruleg…

”Eg høyrer gauken i sommarnatta
eg høyrer vemod i heilolåt.
Litt oppi lia ein rypstegg skratta’
ved stranda ventar ein gamal båt.”

(Utdrag av Finn Sandum sitt dikt)

No er det haust – og denne båten har nok venta lenge!
Men dei siste dagane / vekene har det vore fint og mildt haustvêr, og eit flott fargespekter!
Når ein ser attende på tidlegare år, er det berre heilt utruleg!

I og med at eg ikkje tek lange fjellturar, har eg nok vore flittigar til å ta bilen i år, for å ta ”rusleturar” i terrenget. Til ”vinter-prosjektet” mitt mangla eg framleis nokre bileter langs Strynsfjellvegen. Det er ikkje kvart år den er open denne tida på året.
Mot Mårådalsmunningen…
Heillstugudalen Mårådalsmunningen 28.09.15I nokre gamle skriv, las eg at dalen med Heillstuguvatnet vart kalla Heillstugudalen…

Mellom anna skulle eg ha eit bilete av Herberget – Vassvendherberget – som ligg mellom vegen og Vassvendtjønnene…
Herberget Vassvendherberget 28.09.15…her sett frå ”baksida”, opp mot vegen.

Eg og Dora gjekk og rusla ved Vassvendtjønnene, og gløymde heilt klokka og avtala vi hadde…
Vassvendtjønnene mot aust 28.09.15På eit gamalt kart frå 1842 har eg sett at denne dalen vart kalla Vassvenddalen. Korkje namnet Heillstugudalen eller Vassvenddalen har eg sett nytta dei seinare åra. Kanskje ein skulle ta til å bruke dei att, for å bedre stadfeste det ein pratar / skriv om?

Vassvendtjønnene og Vassvenddalen mot vest…
Vassvendtjønnene mot vest 28.09.15

Den finaste plassen?
Trur ikkje eg veit nokon finare stad med haustfarger, enn Glåmbakktjønne med Skridulaupen i bakgrunnen!
Glåmbakktjønne 29.09.15Prøvar å ta ein tur dit kvar haust, når haustfargene er på det finaste! Eg var nok heldig med turen dit i går – i dag er det overskya og grått, og vinden røskar i lauvet…
Det var òg litt rart å tenkje på, når eg gjekk der: for 6 år sidan denne dato, låg det om lag 20 cm nysnø her! Oppe i hyttefelta ca 30 cm!

Ja, det kan vera stor forskjell frå år til år!
Men no reknar eg med at det er slutt på utfluktene mine, for å samle haustfargebileter, for i år!

Men heldigvis rakk eg òg å sjekke kor fint det er ved det gamle myldhuset ved Gamle Geirangervegen…
Myldhus Gamle Geirangerveg 27.09.15

…og haustfargene ved Vuluvatnet, sett frå Måsåbakkane…
Vuluvatnet 27.09.15

Min konklusjon er: Denne hausten har vore heilt utruleg fin – denne kan vi leva lenge på!

I morgon skriv vi 1. oktober
– for Skjåk Hytteservice er det starten på vintersesongen. Starten for dei som har vintertilsyn på hytta si. Avtaleforlenging (rekning) er utsendt, men dersom fleire ynskjer ei slik avtale er det berre å ta kontakt – enten det gjeld vintertilsyn eller heilårstilsyn!

Ein annan ting som er heilt utruleg…
…er kva folk finn på å kaste i søppelcontainerane!
Dette er noko av det renovatørane og Skjåk Hytteservice (som har tilsyn med containerane, m.a. vurdere når tøming er nødvendig, måke bort snø osv.) har teke ut av containerane no den siste månaden.
søppel
Dette har det vore reagert på fleire gonger dei siste åra, m.a. av media, utan at det ser ut til å hjelpe.
På alle containerane står denne plakaten:
oppslag containermed klår beskjed om kva som IKKJE skal i containeren (her markert med raud ring rundt)!
For å fjerne det som ikkje høyrer til der, må enten renovatøren ta ein ekstra tur for å hente heile containen, køyre den ned på miljøstasjonen og tøme den, og køyre den oppatt, – eller nokon andre må køyre tinga ned på miljøstasjonen. Skjåk Hytteservice (Tor) har hatt mange ekstra turar til miljøstasjonen dei siste åra, på grunn av dette. Dette kostar, og er mykje ekstra arbeid, enten det er renovatøren eller andre som må gjera det! Og enkelte gonger har det dei har rydda ut av containerane vore oppi att kasta når dei har kome for å hente det – eller at det har kome enno meire der!

Skjåk kommune har no sendt dette skrivet til alle hytteforeiningane, med kopi til Skjåk Hytteservice, og ber dei informere:
skriv frå skjåk kommune
Dette gjeld ALLE som nyttar seg av søppelcontainerane som står plassert ved / i hyttefelta i bygda!
Eg berre gjentek kva avisa GD skreiv for to år sidan, vedr. denne saka:
”Skjerpings!”  !!!  

Elles minner eg om at det er ”Blues Over Tregrensa” på Grotli Høyfjellshotel komande helg. Og i Bismo er det «Hausttakk-marknad».
Sjølv om yr.no melder om litt ruskete vêr og ein del vind i slutten av veka,
 – ynskjer eg alle ei fortsatt fin veke og god helg!

* * * * * * * *

Fint i fjellheimen!

Fint i fjellheimen!

No er det fint i fjellheimen, med haustfargene som gjer at landskapet skin – som om det var av kobber!

Nysnøen på Skridulaupen, for nokre dagar sidan…
nysnø på skridulaupen 20.09.15…berre framheva haustfargene.

Det meste av nysnøen er borte no…skridulaupen  22.09.15

Og nok ein gong har Grotli vore på kuldetoppen!
Natt til måndag (21. september) var det registrert -4,2° på Grotli målestasjon.
Men klårvêr og fint om måndag…
grotli haustfarger 21.09.15
Og når vêret på TV2-nyheitene vart presangtert om kvelden, synte dei òg fram kor fint det var i Grotli…
grotli på TV2 21.09.15…trass kaldast i landet om natta!

Luksusproblem?
Når eg sit og skriv blogginnlegga mine, har eg eit problem – særleg no denne tida, når naturen er på det vakraste! Det er så mange bileter eg gjerne skulle ha vist dykk! Facebook-venene mine er sikker sååå lei alle biletene eg legg ut frå området rundt meg…
Alle desse kveldshimmel-bileta…
breidalsvatnet 21.09.15
…ja, til og med av solnedgangen, sett frå vindauga…
solnedgang i Grotli hyttegrend 22.09.15
Frå turar i området, m.a. med bilete mot Grotlivatnet…
Grotlivatnet 21.09.15
…og frå ein tur til Breidablikk, med utsyn mot aust og Breidalsvatnet…
Breidablikk, Breidalsvatnet 20.09.15
Og ein liten luftetur i dag, nede ved Grøntjønna…
haustfarger ved Grøntjønn 24.09.15

Eg får satse på at nokon med hytte her i området har interesse av å sjå…!
Er redd at det går litt om senn til alle desse fine fargene er borte, og at landskapet blir dekka av eit kvitt teppe. Men vi håpar at det enno er nokre veker før det skjer!

Heilt til slutt:
Ei lita ”hytteservice-melding”.
Tøming av hyttedoar, med sugebil, blir ikkje før over helga. Om fleire vil melde seg på, er det berre å kontakte Tor på tlf.: 97553510, seinast sundag!tøming hyttedo 2015

Med dette håpar eg at finvêret fortset, og at alle får
ei god og fin helg!

Skridulaupen med nysnø 20.09.15

* * * * * * * *

Har det med alderen å gjera?

Har det med alderen å gjera?

Like spennande kvar morgon, å sjå ut på vêret!
I det siste har det ikkje skuffa – blå himmel, stille og mildt.
”Is-vêr” varsla Tor i går. Dora og eg tok ein tur og spanderte is på han og den andre snikkaren.
hyttebygging grotliDet passa bra, med ein kombinasjon for å ta bileter av haustvêret og ”prosjektet” mitt: Finne att gamle stadnamn langs gamlevegane her på fjellet.

”Du får nok interesse du òg – når du blir gamal…”
…sa mor til meg, når ho fortalte frå før i tida, om ting og hendingar som eg ikkje hadde interesse av.
Ikkje da! – Men ho hadde rett! Interessa har kome med åra!
Særleg har eg fått interesse av gamle bileter; kvar, kven og når?
Grotli-området, og namna langs gamlevegane, er òg eit av interesseområda mine.
hamsevika mot hamsedalen 09.09.15
Ingvar Jensen, Skjåk (f. 1916, men er borte no) registrerte ein del gamle vegnamn på 1980-talet. ”…Han og far din var sysjenbån…” ville mor, som var slektinteressert, kommentert til meg her.
Eg har tenkt på denne namneregistreringa i fleire år, og prøvd å få tak i dei. I sumar lukkast eg, fekk skanna dei frå Norddals-arkivet.
Da var det berre å sette i gang! – Det har m.a. ført til nokre turar innover Strynsfjellvegen i sumar!
Ein stor fornøyelse i finvêret, slik som i går…

heillstuguvatnet, strynsfjellvegen, skridulaupen 09.09.15
Eg bør nok passe på å gjera desse turane mine utanom turistsesongen. Det blir mange stopp, med fotografering og notering av kilometer. Mange av namna er namn på snøfonner, dei er det vanskeleg å sjå denne tida på året. Eg må nok fortsette prosjektet mitt til neste år, medan ein framleis ser snøfonner fyrst på sumaren.
Men eg har funne ein del, slik som bekken der det er avmerka ”Gamal vasstokk”, der det var vasstokk for at dei reisande over fjellet enkelt kunne hente vatn både til hestane og seg sjølve. Namn på svingar, som ”Vesteråssvingen”, ”Hånsnarsvingen”, ”Rundtomkring” med fleire. Steinar som hadde namn, murar etter brakker og smier – nokre av desse er merka ved vegen, men ikkje alle. Og enno har eg att nokre kilometer å registrere, innover fjellet…
Til vinteren er det ikkje sikkert at hytteservic’n skriv at det er køyrt skiløype til bommen ved Heillstuguvatnet, men at det er køyrt skiløype opp på ”Bikken”.
Namna som er registrert er frå den tida Strynsfjellvegen vart bygt, frå 1890 og til den vart offesielt opna 1895. Ein ser at nokre namn har kome til etter den tid, og som vi til dagleg brukar no. Slik som Kjossvingen, Kjostjønna, Saltplassen med fleire. Kjos-namnet kom nok etter at Dr. Kjos, som den einaste, fekk seg hytte i området i 1929.

heillstuguosen 09.09.15

Når eg parkerte ved hytta i går, etter turen innover fjellet, traff eg min pensjonerte hyttenabo. Han har hatt mange arbeidstimar på Strynsfjellvegen, og kjente til mange gamle namn og kva dei kom av. Kanskje eg òg bør ta ein tur innover ein gong, saman med han?!

Jau da – det har nok med alderen å gjera!
Dette hadde eg ikkje interesse av for ein del år sidan. Ikkje sikkert det er så mange andre som har interesse av det heller – enno…? Men dersom eg kjem i mål, er det gledeleg – om ikkje for andre, så i vertfall for meg sjølv!

Ha ei fin hausthelg!
breidalen mot oppljosegga

* * * * * * * *

Dagar – som blir til nye veker og månader…

Dagar – som blir til nye veker og månader…

Etter ein vår og sumar som vêrmessigt var heller bedrøveleg, fekk vi ein augustmånad som vi seint bør gløyme!
Temperaturar som slår alle, etter at vi fekk nøyaktige målingar i Grotli.vêr m aug-15
Både folk, dyr og blomar her i Skridulaupråket har kosa seg.
Utekaffe og små lufteturar så snart anledninga har bydd seg…ute-kaffe 31.08.15
Dora og eg er glade for at sparken framleis kan stå berre ”på stas”…
spark - blomar 31.08.15Blir nok tidsnok høve til å bruke den til det den er meint for…

Fyrste dagen i september…
Så kom september som sjokkerte oss litt, når vi oppdaga at vi var på Norgestoppen. Ikkje nok med at vi var kaldaste fjellstasjonen – vi var kaldast i heile landet!
kaldast i landet 01.09.15 Men dette er ikkje unormalt for årstida, her på fjellet.

Men 1. september vart ein fin dag!
Dora og eg tok ein tur og spanderte is på Tor og dei to andre snikkarane som arbeider på eit hyttebygg.byggeaktivitet grotli 01.09.15Her blir det nok arbeid og aktivitet utover vinteren, og dermed ser det ut til at vi blir ”fjellfolk” i vinter òg.
Det er ikkje oss imot!

Dora og eg nytta høvet til å gå oss ein liten tur på ”nye stigar”.
Ein kan sjå at hausten er i kjømda. Enkelte stader tek lyngen til å få litt haustfarger, og som her på biletet mot Grotlivatnet, ser ein at myrene tek til å få litt haustleg farge.skridulaupen grotlivatnet 01.09.15

Fotoseanser…
Ikkje til å legge skjul på at det er ein del motiv eg er ekstra svak for, når det gjeld fotografering!
Nokon blir sikkert lei av alle desse bileta eg legg ut; med Dora, Skridulaupen, meir og mindre vellukka bileter av fullmånen, solnedgang, kveldshimmel og skyer! Det er jammen godt at nokon fann opp digitale kamera! Men at eg sjølv må passe på at det er ledig plass på minnekortet, og at batteriet er opplada – det har eg brent meg på nokre gonger! Her om kvelden ”sikta” eg inn den fine kveldshimmelen – men når eg skulle knipse… Null batteri-kapasitet!!!
Men i gårkveld, når vesthimmelen såg ut som om den stod i brann – da hadde eg plass på minnekortet, og omtrent fullada batteri! Resultatet vart 50-60 meir eller mindre vellukka bileter.
Her er eit; vestover Breidalsvatnet:breidalsvatnet i solnedgang 01.09.15
Og Stalltjønna, mot vest:stalltjønna i solnedgang 01.09.15

Ein påminnelse
til oss som har hundar: Det ER sauer i området! sauer - bandtvangEtter at dette biletet, som vart teke for nokre dagar sidan, låg ute på Facebook, fekk vi spørsmål vedr. bandtvang i Skjåk.
Eg har lagt ut lenke til ”Forskrift om bandtvang” før, men dersom du klikkar her kjem du til Lovdata der dei står.
Eg veit ikkje om noko område i skog og fjell i Skjåk, der det ikkje er/kan befinne seg beitedyr. Det vil si at bandtvang gjeld t.o.m. 15. oktober. I tillegg har vi andre områder, som hyttefelt, skiløyper/turløyper , nasjonalpark m.m., der det er andre bestemmelsar.
Men bandtvang gjer ikkje gleda mindre over å ha ein firbeint turkamerat – meinar Dora og eg! Lufteturane blir fine turar – også med band!

Hittegods…
Det hender at ein finn eit og anna som nokon har mista. Nokon som saknar dette?
hittegods sept.-15Brillene fann eg i vår, når dei smelta fram ved ein stabbestein ved Strynsfjellvegen. Ser ikkje ut til at dei har teke skade av opphaldet i snøen.
Nøklane fann eg ved bommen inn til H2 (Skridulaupråket) for nokre dagar sidan. To like nøklar, kanskje til ein hengelås?

~ ~  Og slik går no dagane – her i fjellheimen… ~ ~

Pin It on Pinterest